Frist: 10. mai

Årdal kommune søkjer medarbeidar i personalstab

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig 100 % stilling som medarbeidar i personalstaben.

Arbeidsoppgåver

  • Personalstaben skal gje støtte i saker som er knytt opp mot kommunen sin personalpolitikk.
  • Det er i hovudsak merkantile arbeidsoppgåver relatert til rekrutteringsprosessen, fråver og ferierapportering, introduksjon av nytilsette, rådgjeving og tolking av personalreglement, sentralt lov- og avtaleverk, bruk og vedlikehald av personalsystemet og arkivet.
  • Digitalisering av ulike oppgåver gjer at kontrollfunksjonen i større grad vert viktig framover.
  • Staben har 3 tilsette inklusivt leiar.

Kvalifikasjonskrav

  • Me søkjer etter ein motivert og engasjert medarbeidar med relevant fag-/høgskuleutdanning og/eller relevant erfaring.
  • Du må like merkantilt arbeid og ha evne til å jobbe strukturert og nøyaktig. Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Arbeidet krev god IT kunnskap, vilje og evne til å setje seg inn i endringar i programvarer og system.
  • Kjennskap til relevant lov- og regelverk, samt erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.

Løn og tilsetjingsvilkår

  • Løn etter avtale.
  • Kommunen har ein god offentleg tariffesta tenestepensjon. Den tilsette sitt bidrag er 2 % av løn, arbeidsgjevar yter resten.
  • Pensjonsordninga gjev òg rett til uføre, ektefelle og barnepensjon. I tillegg har kommunen personforsirking for yrkesskade, yrkesulykke og gruppeliv.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsprosedyre
Trykk på den raude knappen nedst i utlysinga. Vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare. NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00. Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson

Søknadsfrist 10.05.2019.

Gå til søknadsskjema
Til toppen