Frist: 9. aug.

Årdal kommune søkjer miljøterapeut 100% til barnevernstenesta

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut, heimebaserte tiltak ved barneverntenesta, frå snarast.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid med born og unge i deira heimemiljø, med fokus på samspel i familien.
  • Rettleiing til foreldre.
  • Samarbeid med skule, barnehage og andre relevante instansar.
  • Generelt barnevernsarbeid etter lov om barneverntenester. 

Kvalifikasjonskrav

  • Me søkjer etter ein medarbeidar med godkjendt utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar.
  • Det er ynskjeleg med søkjarar som har enten vidareutdanning eller erfaring i miljøterapeutisk arbeid med barn og unge i deira heimemiljø. Kompetanse i ulike rettleiingsmetodikkar som t.d. PMTO, Marthe- Meo, Dialog, ART vil bli vektlagt.
  • Evne til å jobbe målretta og systematisk i komplekse livssituasjonar er naudsynt.
  • Evne til skriftleg framstilling.

Personlege eigenskapar

  • like nye utfordringar
  • vere sjølvstendig og målretta
  • god på samarbeid og fleksibilitet
  • arbeide strukturert og systematisk
  • vere utadvendt, løysingsorientert og sosial

Løn og tilsetjingsvilkår

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
  • Det må påreknast noko arbeidstid på ettermiddag/kveld.
  • Den som vert tilsett må disponere eigen bil og leggja fram godkjend politiattest, jmf. Lov om barnevern § 6-10.
  • Tilsetjinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og avtalar.

Det vert teke atterhald om godkjenning av kommuneleiinga før tilsetjing.

Me tilbyr

  • Intern fagleg rettleiing, høve til kursing og fagleg utvikling.
  • Trivelege arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Fleksibel arbeidstid.

Kontaktperson

 

Søknadsprosedyre
Klikk på den raude knappen nedst i utlysinga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare. NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken. Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen