Frist: 5. nov.

Årdal kommune søkjer musikklærar og fagarbeidar/assistent til barnehagane

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Allsidig musikklærar, kulturskulen i Årdal

Me har ledig 40% stilling som musikklærar.

Arbeidsoppgåver

Hovudvekt på undervisning av enkeltelevar frå 8-18 år i slagverkinstrument, men det er ønskjeleg at læraren også kan undervise nybyrjarar på gitar/elgitar/ bassgitar.

  • Undervisning av elevar i grupper (slagverkensemble, rockeband, gitargrupper.)
  • Rekrutteringsarbeid, note- og aspirantopplæring på slagverkinstrument til skulekorps.
  • Musikkundervisning i grunnskulen frå 5. til 10. klasse. Utforming av årsplanar, vurderingskriterium og karaktersetting er ein del av dette arbeidet.
  • Deltaking på konsertar, speleoppdrag, skuleprosjekt og seminar.
  • Koordinering av læringsmål saman med kolleger i kulturskulen og i grunnskulen.
  • Ulike samarbeidskonstellasjonar med kolleger i til dømes lærarband og team.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan erstatte formell kompetanse.
  • Det er ein fordel med erfaring som musikklærar på alle nivå både i grunnskule og i kulturskule.
  • Relevant musikalsk og pedagogisk erfaring i arbeid med barn og unge
  • Læraren må kunne tilpasse musikk til ulike grupper og bandkonstellasjonar, og det er ein fordel å kunne tilpasse arrangement slik at alle musikarar har utfordringer tilpassa sitt nivå.
  • Gode språkferdigheiter både skriftleg og munnleg.
  • Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har eit språknivå tilsvarende B1. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med både vaksne og barn
  • Sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å inspirere og begeistre
  • Ønske om og glede av å arbeide med barn og unge
  • Kreativ og initiativrik

Løn og tilsettingsvilkår

  • Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Andre opplysningar

Arbeidet foregår både på dagtid (i grunnskulen) og på ettermiddag og kveld (i kulturskulen), samt ei og anna helg. Du kjem til å jobbe saman med andre, men også aleine. Det vert forventa ein aktiv deltaking i kollegiet, gode samarbeidsevner samt evna til å jobbe sjølvstendig. Søkar må ha førarkort og kunne disponere eigen bil. Politiattest må framleggast før tilsetjing.

Kontaktperson

 

Vikariat i barnehagane

Me har ledig vikariat/engasjement som fagarbeidar/assistent i barnehagane i Årdal kommune.
Stillingane er mellom 30% og 100%.

Kvalifikasjonskrav

Det er ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning/praksis kan og søkje.

Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, må kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Som fagarbeidar er løna fortida frå kr. 338 800,- til kr. 409 200,-, og som assistent mellom kr. 293 500,- til kr. 396 200,- i 100% stilling.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø

Kontaktpersonar

 

Søknadsprosedyre

Trykk på knappen nedst i denne utlysinga. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare. NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken. Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen