Frist: 23. sep.

Årdal kommune søkjer nye medarbeidarar i pleie og omsorg

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me treng nye medarbeidarar i pleie og omsorg.

Me treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i vikariat og faste stillingar, både i heimesjukepleien (sjukepleiarar/helsefagarbeidarar) og på sjukeheimane.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Ufaglærte kan søkje til assistentstillingane.
  • Gyldig politiattest.
  • Du må ha førarkort.
  • Må beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer tilsette som ynskjer å gjere ein god omsorgsjobb, er fleksible og samarbeidsvillige. Du må trivast i ein hektisk, men givande arbeidsdag. Du må også bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Me tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Ein trygg og god arbeidsplass med godt fagmiljø og trivlege medarbeidarar.
  • Muligheit for etter og vidareutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar,
  • Lån og tilskot til kjøp av bustad, kr. 80 000,-.
  • Me kan tilby rekrutteringsstipend på kr. 30 000,- for fast tilsette sjukepleiarar og helsefagarbeidar.

Andre opplysningar

  • Dei fleste stillingane har 3-delt turnus,med for tida arbeid 3 av 8 helger.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.

NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist 23.09.2019  

Kontaktperson
Hilda Nese, Tenesteleiar for institusjonar / heimetenester, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

Rigmor Svanberg, Kommunalsjef, mobil: 94824046, rigmor.svanberg@ardal.kommune.no

Gå til søknadsskjema
Til toppen