Frist: 28. Sep

Årdal kommune søkjer prosjektleiar tekniske tenester

Årdal kommune søkjer prosjektleiar innan Teknisk tenester, som vil få ansvaret for å følgje opp ulike investeringsprosjekt. Som prosjektleiar vil du vere med i alle fasane av prosjekta.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for oppfølging av kommunen sine prosjektportefølje, her under prosjektleiing i kommunen sine investeringsprosjekt, som;

  • Byggeprosjekt på kommunale eigedommar
  • Prosjekt i idretts- og anleggsplanen
  • Park og idrett
  • Prosjekt innafor VAR (vatn,avlaup og renovasjon)
  • Miljø og klima prosjekt som etablering av vernevollar, utnytting av spillvarme, etablering av ladestasjonar m.m.
  • Vera kommunen sin representant i byggeprosjekt, og ivareta byggherrerolla
  • Økonomioppfølging og rapportering, dokumentasjon og ansvar for naudsynte søknadsprosessar på investeringsprosjekta.
  • Innkjøp og gjennomføring av offentlege anskaffelsar
  • Førebu saker til politisk handsaming

Det vil bli lagt til rette for at vedkommande over tid vert ein del av overbefalsordninga innan brann. Til stillingen ligg og ansvar for oppfølging og søknadar på statlege tilskotsordningar.

Kvalifikasjonskrav

Kompetanse

  • Ingeniør, men søkjarar med anna relevant kompetanse kan og vera aktuelt
  • Erfaring frå prosjektleiing innan bygg- og anleggsbransjen er ønskjeleg.

Administrasjonsspråket er nynorsk

Søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar

Me ser etter ein person som er:

  • Er målretta, strukturert og løysingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner, men også evne til å jobba sjølvstendig og grundig
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Er serviceinnstilt, positiv og initiativrik

Løn og tilsettingsvilkår

  • Løn etter avtale utifrå kvalifikasjonar.
  • Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

  • Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø, med spennande arbeidsoppgåver.

Kontaktperson

 

Søknadsprosedyre
Trykk på «Gå til søknadsskjema» nedst i utlysninga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden. Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen