Frist: 7. Dec

Årdal kommune søkjer ringevikarar i Psykisk helseteneste

Me har ledig: Psykisk helseteneste i Årdal kommune søkjer etter ringevikarar. 

Arbeidsoppgåver:

Psykisk helseteneste er samlokalisert på Årdalstangen i nyoppussa lokale i Tangevegen 14.
Her har me bustader for bebuarar med rus og/eller psykiske utfordringar, lågterskel dagtilbod og personalbase med samtalerom.

Me har nyetablert døgnbemanning knytt til bustadene og turnus med langvakter, i tillegg til bemanning på dag for individuell oppfølging og gruppetilbod til brukarane.

Kvalifikasjonskrav:

  • Personar med helsefagleg høgskuleutdanning og studentar
  • Helsefagarbeidarar
  • Personar med erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å skape relasjonar og tillit med brukarane
  • Høg arbeidskapasitet
  • Samarbeidsorientert og lojal
  • Sjølvstendig og fleksibel

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt, og menn vert særleg oppmoda om å søkje.

Me tilbyr:

  • Høve til å delta i utviklinga av ei spennande og nyetablert døgnteneste
  • Varierte arbeidsoppgåver i samarbeid med brukarane med fokus på meistring og aktivitet
  • Godt arbeidsmiljø og samarbeid med dyktige kollegaer
  • Ulike vakter dag, kveld og natt alle dagar
  • Løn etter kommunalt regulativ

Lønn og tilsettingsvilkår

  • Stillinga er løna etter utdanning og kvalifikasjonar etter HTA.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Kontaktperson:

Søknadsprosedyre

Trykk på den raude knappen nedst i utlysninga. Vel "søk stilling" til i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare. NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen