Frist: 11. des.

Årdal kommune søkjer sjukepleiar, bioingeniør og helsefagarbeidarar

Årdal kommune har ledige stillingar innan sjukepleie, omsorgsarbeid og andre område innan helse.

Sjukepleiar - 100% vikariat

I heimesjukepleien i Øvre Årdal har me ledig eitt 100% vikariat frå snarast i ca. 1 år. Vikariatet kan bli forlenga. Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida tre av åtte helgar. Må ha førarkort og kunne køyre i all slags vêr og føre.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Personlege eigenskaparSøkjar må ha gode faglege kunnskapar, vere samarbeidsvillig, og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Løn og tilsettingsvilkår:

  • Stillinga er løna etter stillingskode 7174  med for tida lønsplassering frå kr. 376.200,-  til kr. 456.500,- pr. år i 100%
  • Tillegg for arbeid på kveld, natt og helg
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune
  • Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg
  • Politiattest vil verte krevd

Kontaktperson: Hilda Nese, leiar for institusjonar, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no.

 

Helsefagarb./ hjelpepl. / oms.arb. - eldreomsorg

Ledig ved heimesjukepleien på Årdalstangen / Årdal sj.heim 1.etg.:

  • 1 x 52% fast stilling frå snarast
  • 1 x 45% fast stilling frå snarast

Ledig ved heimesjukepleien i Øvre Årdal:

  • 1 x 100% fast stilling frå snarast
  • 1 x 30% vikariat frå snarast
  • 1 x 80% vikariat frå snarast i ca, 1 år ( 80% i heimesj.pl. og 20% på timesenteret for demente)

I alle stillingane er det turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, ein må ha førarkort og kunne køyre bil i allslags vær / føreforhold.Dersom det blir intern tilsetjing kan det bli ledig andre stillingsprosentar. Skriv i søknaden dersom du eventuelt vil vurderast i desse.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisasjon som helsefagarb. / hjelpepl. / oms.arb

Personlege eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må like variasjon i arbeidet, og kunne arbeide godt sjølvstendig og i saman med andre
  • Vere fleksibel og systematisk
  • I 20% stillinga på timesenteret må ein lika å arbeide med demente, vere roleg og må kunne - eller vere interessert i å lære - prinsippa i god demensomsorg
  • Må delta aktivt i, og bidra til aktivitetssenteret sine månadsplanar

Løn og tilsettingsvilkår:

  • Stillinga er løna etter stillingskode 7076/7517 med for tida lønsplassering frå kr. 333.300,- til kr. 401.200,- pr. i 100%
  • Tillegg for arbeid på kveld, natt og helg
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune
  • Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg
  • Politiattet vil verte krevd

Kontaktperson: Hilda Nese, leiar for institusjonar, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no.

 

Hjelpepersonell Årdal legekontor - 90% vikariat

Me har ledig: Legetenesta i Helsehuset Øvre Årdal har ledig 90% vikariat som bioingeniør eller sjukepleiar frå snarast fram til 1. mai 2018, kan bli forlenga. Det er arbeid på dagtid.

Arbeidsoppgåver:

  • Me gir opplæring i arbeidsoppgåver som m.a. omfattar prøvetaking, laboratoriearbeid, resepsjonsarbeid, sårstell.

Kvalifikasjonskrav:

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar eller bioingeniør.Erfaring frå tilsvarande arbeid vil verte vektlagt.

Personlege eigenskapar:

  • Me ønskjer ein person som kan arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag, der samarbeid, fleksibilitet og service er sentrale verdiar.

Lønn og tilsettingsvilkår:

  • Løn etter avtale
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune

Me tilbyr:

Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø i gode lokale, der me legg vekt på brukarfokus og høg kvalitet i arbeidet.

Kontaktperson: Marit Indrebø, leiar legekontor, min@ardal.kommune.no.

 

Søknadsprosedyre

Klikk på «gå til søknadsskjema» under. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.

NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen