Frist: 10. des.

Årdal kommune søkjer sjukepleiarar - eldreomsorg

Me har ledig

Seimsdal sjukeheim:

  • 2 x 100% vikariat frå snarast tom 31.12.19

Årdal sjukeheim / heimesjukepleien sone 3:

  • 1 x 100% vikariat frå snarast tom 31.12.19.
  • 1 x 100% vikariat frå snarast tom 31.08.19.
  • Kombinerte stillingar mellom heimesjukepleien og sjukeheimen .

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Sjukeheimane har bakvakt for kvarandre, må difor ha førarkort.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som sjukepleiar.

Personlege eigenskapar

  • Søkjar må ha gode faglege kunnskapar, vere samarbeidsvillig, og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillinga er løna etter stillingskode 7174 med for tida lønsplassering frå kr. 386.200,- til kr. 465.300,- pr. år i 100%.
  • Tillegg for arbeid på kveld, natt og helg.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
  • Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
  • Må ha førarkort, og kunne køyre bil i all slags vær og føreforhold.
  • Politiattest vil verte krevd.

Søknadsprosedyre

Trykk på den raude knappen nedst i utlysinga. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut hos Årdal kommune. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare. NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen