Frist: 5. aug.

Årdal kommune søkjer spesialsjukepleie/vernepleie

Me har ledig ei 100% fast stilling som spesialsjukepleiar/vernepleiar i psykisk helseteneste, eller med tilsvarande kompetanse.

Me har ei tilsett som skal ut i pensjon og ynskjer difor tilsetjing snarast. I dag er det 8,3 årsverk i psykisk helseteneste med ein høg grad av tverrfagleg kompetanse. Tenesta gjev tilbod til dei som opplever livskriser, har psykiske plager og lidingar, og-eller rusutfordringar.

Arbeidsoppgåver

  • Yte tenester knytta til enkeltvedtak. Dette inneber individuelle støttesamtalar og/eller miljøterapeutiske tiltak i heimen til brukar.
  • Utarbeide, følgje opp og evaluere mål og tiltak for brukarar.
  • Utarbeide og følgje opp Individuell plan.
  • Delta på dagsentertilbod der personal og brukarar saman skal bidra til eit sosialt fellesskap.
  • Samarbeide tverrfagleg kommunalt, interkommunalt og inn mot spesialthelsetenesta.
  • Dokumentere i henhold til gjeldande lovverk.
  • Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus.

Me tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
  • Godt fag- og arbeidsmiljø
  • Deltaking på kurs, konferanse og nettverksamlingar
  • Ei teneste som er i endring og utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad, barnehageplass og evt. arbeid til partnar

Kvalifikasjonskrav

  • Fortrinnsvis sjukepleiar og vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rusarbeid. Praksis i høve psykisk helse og/eller rus er ynskjeleg.
  • Ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Like å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Kunne tilpasse seg brukarens behov

Anna

  • Politiattest må framleggjast ved ansettelse.
  • Løn og andre vilkår etter gjeldande tariffavtalar.

Kontaktar

Gå til søknadsskjema
Til toppen