Stillingen er satt passiv.
Me har ledig 100% stilling som styrar i Ve barnehage.
Ve barnehage er ein kommunal barnehage i Øvre Årdal med 3. avdelingar - me har eigen småbarnsavdeling. Det er totalt 54 plassar i barnehagen. Barnehagen ligg på Vee-sida. Barnehagen er brukarvenleg med gode rom. Skogen ligg
ved sidan av barnehagen, og ungane har stor glede av naturen som leikeplass.
Personalet har vore stabilt over mange år.
Styrar har ansvar for den daglege drifta av barnehagen, personalleiling, administrasjon, økonomi, overordna pedagogisk og fagleg ansvar. Styrar skal leie og vidareutvikle barnehagen som ein pedagogisk og lærande organisasjon i tråd med barnehagelova, rammeplan og andre overordna vedtak. Styrar må kunne bidra på avdelingane ved behov.
Me søkjer ein positiv, engasjert og relasjonsorientert styrar som er målretta og kvalitetsbevisst. Saman med dei andre tilsette skal styrar skape ein barnehagekvardag prega av god omsorg og trygt miljø, der barna ut frå eigne føresetnader og behov kan utfalde seg, etablere gode relasjoner og oppleve glede, meistring og utvikling.
Kvalifikasjonskrav
Løn og tilsettingsvilkår
Kontaktperson
Søknadsprosedyre
Trykk på «Gå til søknadsskjema» nedst i utlysninga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden. Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.