Frist: 14. Dec
Frå Bjørnaholten

Årdal kommune søkjer vikariat som lærar i vaksenopplæringa

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig 40% vikariat som lærar ved Vaksenopplæringa f.o.m. 01.01.21 og inntil 31.07.2021

Arbeidsoppgåver
Vaksenopplæringa har ansvaret for:

  • Grunnskule for vaksne etter opplæringslova §4A-1 i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
  • Grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom etter opplæringslova §4A-1, faga norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag, i samarbeid med Vestland fylkeskommune
  • Grunnskule for vaksne etter §4A-1, norsk for praksiskandidatar (helsefagarbeidarutdanning).
  • Spesialundervisning for vaksne etter opplæringslova §4A-2.
  • Norsk og samfunnskunnskap, foreldrerettleiing og livsmeistring for vaksne innvandrarar etter ny integreringslov, i samsvar med Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

 

Søkjar må vere innstilt på å gå inn i fleire av arbeidsoppgåvene ved tenesteområdet.

 

Kvalifikasjonskrav
Godkjent pedagogisk lærarutdanning, i kombinasjon med undervisingskompetanse i grunnskulefaga norsk, samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk. Vidareutdanning i spesialpedagogikk, norsk som andrespråk eller vaksenpedagogikk er også teljande.

 

Personlege eigenskapar
Fleksibilitet og gode samarbeidsevner vil verte vektlagt.
Samstundes ønskjer vi ein person som er løysingsorientert, sjølvstendig, strukturert, målretta, tålmodig og inkluderande.

 

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtaleverket vurdert utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

 

Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.

Sidan det kan vere mindreårige under opplæring ved Vaksenopplæringa, må søkar kunne legge fram godkjent politiattest før tiltreding i stilling.

 

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no. Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord".

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlogging tek du kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ynskjer namnet ditt unnateke frå offentlegheit, må det grunngjevast. Det vert da gjort ei vurdering.

 

Søknadsfrist: 14.12.2020 

 

Kontaktperson
Veronika Bjørnerud, Rektor i vaksenopplæringa, mobil: 45979529, veronika.bjornerud@ardal.kommune.no.

Gå til søknadsskjema
Til toppen