Frist: 15. mars

Årdal kommune tilbyr utdanningsstipend - sjukepleiar og vernepleiar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Skal du bli sjukepleiar eller vernepleiar?

I så fall kan Årdal kommune tilby deg årleg utdanningsstipend på kr. 35.000, samt ilsetjingsgaranti etter ferdig utdanning dersom du:

  1. fullfører og får ei godkjend utdanning.
  2. vel å inngå arbeidsavtale med kommunen.
  3. kan jobbe i kommunen som ferievikar sommar, påske og eventuelt andre høgtider.

Det kan bli delt ut opptil 4 stipend. Det er utarbeida retningslinjer for stipendordninga.

Dersom dette er av interesse, er du velkommen til å søke elektronisk gjennom vår rekrutteringsmodul, som du finn på vår heimeside, under ledige stillingar. Søknaden skal inneholde opplysningar om deg sjølv, samt når utdanninga er ferdig.

Dersom du har spørsmål om ordninga, kan du ta kontakt med leiar for personalstaben, tlf. 91588489, eller e-post: elin.heen@ardal.kommune.no

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare. NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen