Frist: 3. Jan

Attraktiv leiarstilling ledig i NAV Økonomiteneste

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi ser no etter ein dyktig leiar med solid fagkompetanse innan økonomi, som skal leie vår seksjon for rekneskap.

Denne seksjonen har ansvar for utbetaling av ytingar, rekneskapsføring og avstemming, samla rekneskapsoppstilling for NAV og analysar. Leiar for seksjonen skal sikre stabil og effektiv drift innanfor desse ansvarsområda.

I tillegg til å ha god fagleg kompetanse, bør du vere utviklingsorientert og god til å sjå moglegheiter for forbetring. Ein viktig del av rolla er å sikre at NAV etterlever økonomireglementet i staten, ved å vidareutvikle rutinar for internkontroll, og legge til rette for god styringsinformasjon. For å få til dette må du vere ein god pådrivar som er synleg i organisasjonen, ha gode kommunikasjonsevner og vere ein god nettverksbyggjar.

Økonomiområdet i NAV er under utvikling og vi skal mellom anna ta i bruk nye løysingar for budsjett og prognose, analyse og rapportering. Det er viktig å skape engasjement og entusiasme for endringane i organisasjonen. Erfaring i å leie endringsprosessar er difor ein fordel i denne rolla.

Med deg på laget får du eit økonomifagleg kompetansemiljø på omkring 25 tilsette.


Arbeids- og ansvarsområde for stillinga:

  • Sikre effektiv og stabil drift av seksjonen
  • Personalansvar
  • Deltakar i direktøren si leiargruppe
  • Utvikling av økonomiområdet i NAV


Kvalifikasjonar

  • Mastergrad fortrinnsvis innan økonomisk-administrativ studieretning, eller anna relevant utdanning. Brei erfaring kan kompensere for noko lågare utdanning
  • Leiarerfaring
  • Kunnskap om og erfaring frå korleis lukkast med endringsleiing
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Det er ein fordel at du har: • Kjennskap til økonomistyring i offentleg forvaltning
  • God forretningsforståing og digital kompetanse


Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst med evne til å ta leiing og skape resultat
  • Analytisk og strukturert
  • Løysingsorientert og med god gjennomføringskraft
  • God relasjonsbyggjar


Vi kan tilby:

  • Ei spanande og utfordrande leiarstilling med moglegheit for personleg utvikling
  • Fast stilling som seksjonssjef og gode lønnsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og godt arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå lønna blir det trekt 2 %)


Les meir om personalordningane våre på nav.no under punktet «Jobbe i NAV».

Spørsmål om stillinga kan rettast til: Direktør Herdis Ulveseth, 99718546.

 

Søknadsfrist: 03.01.2021

Gå til søknadsskjema
Til toppen