Frist: 15. nov.

Aurland Hamnevesen KF søkjer dagleg leiar/ hamnesjef

Aurland Hamnevesen ser etter ingeniør med leiarerfaring som kan tenke nytt innan effektiv og konkurransedyktig sjøtransport i regionen.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • gjennomføre og rapportere i tråd med styrevedtak
  • utarbeide budsjett og handlingsplanar
  • framlegging av rekneskap og årsmelding
  • sørge for implementering av HMS-standard og system
  • eigedomsforvaltning av god kvalitet
  • vere kontaktperson i.f.t Kystverket og andre hamnefaglege organ
  • fokusere på medarbeidarutvikling og fagleg styrking av organisasjonen
  • samarbeidsorientert mot lokalt næringsliv
  • arbeida for gode miljøløysingar

Organisatorisk:

  • din næraste overordna er styret v/ styreleiar
  • dagleg ansvar for drift av alle hamnefunksjonar og rapportering til styret
  • som er oppteken av å sikre ei god verdiutvikling av eigedomar gjennom aktiv forvaltning og utvikling

Vi søkjer etter person med:

  • leiarerfaring 
  • utadvendt og samarbeidsvillig 
  • beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • ha gode formulerings- og kommunikasjonsevner
  • stabilt humør og energisk arbeidsform
  • ingeniørutdanning frå høgskule/universitet og relevant praksis
  • fleksibel i.f.t reiseaktivitet, ubekvem arbeidstid og høg sesongaktivitet 
  • fordel med erfaring frå forvaltning og politiske prosesser
  • gjerne erfaring frå eigedomsutvikling og -forvaltning
  • erfaring frå prosjektleiing
  • som er drivande og nytenkande innan effektiv og konkurransedyktig sjøtransport i regionen

Vi vektlegg utvikling, samarbeid og resultat. 

Søknad innan 15. november 2017 til Aurland Hamnvesen KF, sendast elektronisk til post@aurland.kommune.no.

For meir informasjon om stillinga:
Styreleiar Noralv Distad
E-post: noralv.distad@aurland.kommune.no 
Mobil: 959 84 638

Hamnesjef John Erik Johnsen
E-post: john.johnsen@aurland.kommune.no   
Mobil: 901 12 942

Gå til søknadsskjema
Til toppen