Frist: 12. nov.

Aurland kommune søkjer sjukepleiar til 80% vikariat

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Ved Aurland helsetun er det ledig eit vikariat i 80% fra snarast i inntil eitt år.

 Me tilbyr:

  • Kr 20 000 som rekrutteringstiltak i tillegg til grunnlønn etter ansiennitet
  • Høve til fagutvikling - med spennande arbeidsoppgåver der det vert jobba systematisk med kvalitetsutvikling for å skape ein god kvardag for bebuarane
  • Ein arbeidsplass i utvikling og endring
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeid med nyoppretta fagutviklarstilling
  • Gratis bruk av kommunalt treningsrom/styrkerom


Me søkjer deg som:

  • Er motivert til å jobbe innan eldreomsorg
  • Arbeider sjølvstendig og målretta og samarbeider med andre
  • Kan sjå løysingar og sammanhengar
  • Kan iverksetje, følge opp og avslutte oppgåver


Arbeidsoppgåver:

  • Bistand til bebuarar ved institusjonen
  • Pasientansvarleg sjukepleiar/vernepleiar har fagansvar og er bindeleddet mellom avdeling, pasient/pårørande og andre eksterne instansar 
  • Legemiddelhåndtering og administrering
  • Dokumentasjon i journalsystemet Gerica
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Oppgåver delegert frå avdelingsleiar


Kvalifikasjonar:

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar
  • Andre med helsefagleg bakgrunn kan og søkje på vikariatet 
  • Erfaring frå arbeid med brukargruppa er ønskeleg, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna 
  • Søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Heimevakter er rekna inn i turnusen.
  • Om det blir aktuelt å ta ei ekstra heimevakt, blir denne betalt med ein faktor 1:3. 
  • Det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova.


Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Kontaktinformasjon: Ingrid Finden Bekkedal, Avdelingsleiar, ingrid.bekkedal@aurland.kommune.no, 959 84 639.

 

Søknadsfrist: 12.11.2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen