Frist: 12. May

Aurland kommune søkjer tenesteleiar for pleie og omsorg

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig 100% fast stilling som tenesteleiar for pleie og omsorg er ledig frå 01.08.20.

Pleie og omsorg i Aurland er organisert med to avdelingar som har avdelingsleiarar i 100% stilling. Dei to avdelingane er heimebaserte tenester og Aurland helsetun. Helsetunet har tilsaman 24 plassar. Brukarane av tenestene vil primært vere personar over 67 år med ulike hjelpebehov.

Innanfor pleie og omsorg er bygningsmessige tilpassingar, kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi viktige satsingsområde.

Me søkjer ein leiar som jobbar målretta, bidreg til nytenking og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil.

Aurland kommune er organisert med to fullmaktsnivå rådmannen og tenesteleiar.


Sentrale arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle pleie og omsorg til beste for den einskilde brukar sine behov og ressursar.
  • Sakshandsaming.
  • Personal-, fag-, og budsjettansvar
  • Drifts- og beredskapsansvar for dei tenestene som ligg til ansvarsområdet


Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein leiar som kan drifte og utvikle pleie og omsorg i Aurland kommune i samarbeid med både overordna administrativ og politisk leiing, kollegaer i leiarforum, tilsette, brukarar og deira pårørande.


Kompetansekrav

  • Helsefagleg utdanning eller anna relevant utdanning (min. bachlor/cand.mag)
  • Erfaring frå arbeid innan helse, pleie og omsorg eller likande
  • Leiarerfaring og leiarutdanning, eller vere villig til å ta leiarutdanning
  • God kompetanse på relevant lovverk
  • Personlege eigenskapar og relasjonskompetanse blir vektlagt

Situasjonen som alle no opplever med Koronaviruset er krevjane for alle, og særleg krevjande for alle i pleie og omsorg. Vi treng ein leiar som evnar, og som er motivert til å gjere ein god jobb i slike kriser.


Krav til språk

Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftmål.

Det er eit krav at den som blir tilsett leverer gyldig politiattest.
Det er ein føremon om den som blir tilsett har førarkort klasse B.


Me tilbyr

  • Tenesteleiar møter fast i leiarforum
  • Deltaking i faglege nettverk
  • Lønn etter avtale og offentleg tenestepensjon

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er elles, i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Tenesteleiar for pleie og omsorg vil få ei sentral rolle i utvikling av eldreomsorga i kommunen framover.

 

Søknadsfrist 12. mai 2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen