Frist: 16. Apr

Aurland kommune søkjer byggesakshandsamar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Aurland kommune har ledig mellombels stilling som bygggesakshandsamar.

Stillinga er inntil 100% og engasjement inntil 4 månader, med mogelegheit for forlegning. Stillingsprosent og lengd på engasjement er fleksibelt. Stillinga er plassert i stabseininga forvalting og utvikling.


Arbeidsoppgåver

  • Byggesakshandsaming
  • Råd og rettleiing
  • Ulovlegheitsoppfølging / tilsy
  • Eventuelt matrikkelføring
  • Eventuelt anna sakshandsaming eller andre utviklingsoppgåver for kommunen


Personlege eigenskapar
Me ønskjer oss ein medarbeidar med erfaring frå byggesakshandsaming. Evne til å arbeide sjølvstendig og evne til å samarbeide er viktig. Vedkommande bør ha positiv veremåte, vere løysingsorientert og kunne forholda seg til tidsfristar.


Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning eller relevant erfaring.
  • God kjennskap til - og gjerne erfaring med offentleg sakshandsaming.
  • Relevant praksis frå offentleg eller privat verksemd.
  • Dokumenterte resultat og god relevant praksis kan vege opp for manglande formell utdanning.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.


Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår/ løn
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gunstige pensjonsordningar 


Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.


Krav til språkkunnskapar
Den som vert tilsett må beherske norsk munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftmål.


Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søknadsfrist: 16.04.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen