Frist: 2. sep.

Aurland kommune søkjer IKT-konsulent/driftsoperatør

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Mellombels stilling i perioden 01.10.18 til 31.12.18 med mogelegheit for forlenging eller fast tilsetting. Stillinga inngår som ei av to stillingar i kommunen si IKT-avdeling. Styrking av IKT-avdelinga skal gje rom for auka fokus på digitalisering i Aurland kommune.

Stillinga vil omfatte desse oppgåvene:

  • drift av nettverk
  • drift av server
  • installasjon og vedlikehald av PC-klientar
  • drift av telefonsystem og mobilt utstyr
  • brukarstøtte, opplæring og dokumentasjon
  • drift av fagapplikasjonar

I tillegg kan det og verta tillagt andre oppgåver.

Kvalifikasjonar:

  • minimum fagbrev i IKT-servicefaget eller tilsvarande
  • erfaring frå drift, overvakting og brukarstøtte
  • kompetanse på Windows klient/server

Den som blir tilsett må vere sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert, ha god kommunikasjonsevne og ei positiv serviceinnstilling, samt kunne prioritere og takle utfordringar.

Kvalifikasjonane til den som blir tilsett vil vere angjerande for om tilsettinga vere som konsulent eller som fagarbediar/driftsoperatør.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Densom blir tilsett må ha førarkort og bør disponere eigen bil i arbeidet.

For meir informasjon, kontakt IT-ansvarleg Beathe Ekhall Stentvedt på beathe.stentvedt@aurland.kommune.no eller 911 11 406.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging, kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss, vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Gå til søknadsskjema
Til toppen