Frist: 12. feb.

Aurland kommune søkjer næringsrådgjevar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig fast 100% stilling som næringsrådgjevar frå 01.04.20.

Stillinga er plassert i avdelinga forvaltning og utvikling, med tilsaman fem tilsette. Avdelinga har ansvar for desse fagområda: Kommunal planlegging, byggesak, klima og energi, vassdirektivet og kommunalt næringsutviklingsarbeid. Tilsette på avdelinga samarbeider tett for å løyse dei oppgåvene som ligg til avdelinga og med samfunnsutvikling.

Næringsrådgjevar skal ha eit særleg ansvar for kommunalt næringsutviklingsarbeid og vere sakshandsamar for konsesjonsavgiftsfondet. I tillegg vere kontaktpunkt for næringslivet. Framover vil "det grøne skiftet" og klimatilpassing vere viktige tema både i samarbeid med næringslivet og i samfunnsutviklinga.

Aurland kommune har hatt positiv utvikling dei siste åra. Ei hovudforklaring på dette er vekst i reiselivsnæringa, som gjev mange ringverknader. Aurland er ei lita bygd, men ei bygd i vekst! Aurland har varierte fritidstilbod.

Aurland kommune har gode rammeføresetnader på grunn av kraftproduksjon. Ein del av kraftinntektene er øyremerka samfunns- og næringsutvikling. Aurland kommune har eit omfattande eigarskap i m.a. Aurland ressursutvikling og Aurland energiverk. Kommunen sitt samla eigarskap blir no ivareteke av eit kommunalt heileigd holdingselskap.

Søknadsfrist: 12.02.20

Gå til søknadsskjema
Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen