Frist: 27. juli

Aurland kommune søkjer pedagogisk leiar eller fagarbeidar

Freistar det med 100 % leiarstilling i Vangen barnehage?

Stillinga er mellombels frå 14.08.17-31.07.18. Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Flåm barnehage og Vangen barnehage. Sistnemnte har tre avdelingar, og det er ca. 30 barn frå 1-6 år frå nytt barnehageår. Kommunen planlegg bygging av ny barnehage, og denne vil erstatte Vangen barnehage.

Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. «System for styrka læring». Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.

Arbeidsoppgåver:

  • ansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av pedagogisk arbeid
  • rettleie og følgje opp personalet på avdelinga
  • ansvar for dagleg omsorg for kvart einskild barn
  • pedagogisk leiar er avdelingsleiar

Personlege eigenskapar:

  • arbeide sjølvstendig
  • vere løysingsorientert
  • bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • vere fleksibel og endringsvillig

Kvalifikasjonar:

  • minimum treårig utdanning som barnehagelærar
  • Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Me forventar at den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.
  • dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til stillinga kan det bli aktuelt å tilsetje fagarbeidar med relevant fagbrev og konstituere i intern stilling som pedagogisk leiar. Fagarbeidarar kan såleis søkje på stillinga, og vil kunne bli vurdert om det ikkje er kvalifiserte pedagogar til stillinga

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Det vert stilt krav om ny politiattest jfr. barnehagelova. Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Dersom du treng hjelp med utfylling av elektronisk søknad, kan du ta kontakt med Liv Helene Aalen på telefon 57 63 18 58.

Andre ledige stillingar i Aurland: 

  • fast 100 % stilling som miljøterapeut
  • fast 100 % stilling som sjukepleiar
  • to 75 % vikariat som sjukepleiar
Gå til søknadsskjema
Til toppen