Frist: 24. sep.
(Bilde: Sverre Hjornevik)

Aurland kommune søkjer prosjektleiar til Energi & Miljø

Aurland kommune ser etter deg som vil prosjektere teknisk infrastruktur og bærekraftige verdikjeder for etablering av biogassanlegg og hydrogenanlegg.

Aurland kommune skal tilsette prosjektleiar for Energi- og miljøsats i Aurland (EMSA) 2017-2018. Hovudmål for prosjektet er å utvikle infrastruktur og bærekraftige verdikjeder for etablering av biogassanlegg og hydrogenanlegg. Sogn jord- og hagebruksskule, Flåm AS, Flåm Guideservice og Aurland Hamnevesen er blant partnarane i prosjektet.

Forprosjektet er delt i tre delprosjekt: Bioenergi, hydrogen og utvikling av nye konsept. Forprosjektet har som hovudmål å prosjektere teknisk infrastruktur og bærekraftige verdikjeder for etablering av biogassanlegg og hydrogenanlegg. Forprosjektet varer frå 01.11.17 til 20.09.2018. Dersom det er grunnlag for eit hovudprosjekt vil stillinga kunne forlengast.

Arbeidsoppgåver
Forprosjektet er delt i tre delprosjekt: bioenergi, hydrogen og utvikling av nye konsept, og har som hovudmål å prosjektere teknisk infrastruktur og bærekraftige verdikjeder for etablering av biogassanlegg og hydrogenanlegg. Basert på moglege funn i prosessen er det også ei målsetting å skipe grunnlag for utvikling av nye konsept innan energi- og miljøfeltet.

Sogn jord- og hagebruksskule, Flåm AS, Flåm Guideservice og Aurland hamnevesen er blant
partnarane i prosjektet, og prosjektleiar vil samarbeide tett med dei ulike aktørane i partnarskapen. Partnarskapen kan bli utvida til å gjelde fleire verksemder. Prosjektleiar er ansvarleg for gjennomføring av prosjektet ihht prosjektplan, samt rapportering.

Kvalifikasjonar

  • relevant høgskule eller universitetsutdanning (min. på bachelornivå)
  • erfaring frå prosjektleiing
  • teknisk kunnskap og interesse for arbeidsfeltet
  • gode koordinerings- og samarbeidsevner
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • evne til å arbeide sjølvstendig og å ta initiativ
  • gode økonomiske- og forretningsmessige evner
  • gode referansar og personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • utfordrande og spennande oppgåver innan eit utviklande og framtidsretta arbeidsfelt
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer og samarbeidspartnerar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode velferdsordningar
  • kontor sentralt plassert i Aurland
  • fleksibel arbeidstid
  • lønn etter avtale

Tilsetjing og arbeidsvilkår vil elles vere i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Krav til språkkunnskapar

  • norsk skriftleg og munnleg
  • engelsk skriftleg og munnleg

Generelt om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal.

Aurland kommune praksierer meiroffentlegheit og kunngjer namnet på søkjarar i søkjarlistene til ledige stillingar. Søkjarar kan be om at namnet blir unnateke søkjarlista. Søkjar må eventuelt krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar likevel kan bli offentleggjort, men at søkjar vil bli orientert på førehand.

For nærare informasjon om stillinga, kontakt næringssjef Inge Håvard Aarskog på inge.havard.aarskog@aurland.kommune.no eller 948 01 823.

Gå til søknadsskjema
Til toppen