Frist: 24. sep.

Aurland kommune treng fleire dyktige medarbeidarar innan pleie og omsorg

Aurland kommune har ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar, fast assistent i BPA-ordning og fleire vikariat.

 

Fast 100 % stilling som sjukepleiar
Ved interne rokeringar kan andre stillingar ved andre avdelingar bli ledige. Opplys i søknaden din om det kan vere av interesse. Tiltreding etter nærar avtale.

Du må ha autorisasjon som sjukepleiar for å få fast tilsetjing. Sjølv om du ikkje har autorisasjon som sjukepleiar, kan du søkje på stillinga. Du kan då få tilbod om tidsavgrensa avtale.

I heimesjukepleien er det stabil arbeidskraft og godt arbeidsmiljø. Me er i omstilling med fleire spanande utfordringar. 

Lønns- og tilsettingsvilkår: 

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • stillinga er for tida i tre-delt turnus med arbeid 3. kvar helg
  • for å jobbe i heimesjukepleien må du ha førarkort. Me har leasingbilar til tenestekøyring
  • det vert stilt krav om ny politiattest jfr. helse og omsorgstenestelova.

 

Fast 80 % stilling som assistent i brukar sin heim
Tiltaket er for mann i 50 åra med kognitiv svikt. Tiltaket er under oppbygging og blir gjort i nært samarbeid med brukar og brukar sin pårørande. Stillingprosenten kan diskuterast. Me søkjer etter nokon som likar å jobbe åleine saman med brukar. 

Søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg. Du er med å planlegge eiga arbeidstid saman med brukar og pårørande. Arbeidstida kan planleggast med både vanlege og lange vakter. Menn vert særskilt oppfordra til å søkje.

Personlege eigenskapar: 

  • må vere fysisk aktiv og bør vere praktisk anlagt
  • vere trygg og engasjert
  • kunne jobbe sjølvstendig
  • kunne ta ansvar for å planlegge arbeid / innhald

Lønns- og tilsettingsvilkår: 

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • stillinga er for tida i tre-delt turnus med arbeid 3. kvar helg
  • for å jobbe i heimesjukepleien må du ha førarkort. Me har leasingbilar til tenestekøyring
  • det vert stilt krav om ny politiattest jfr. helse og omsorgstenestelova

 

Sjå andre vikariat og jobbmoglegheiter.

 

Generell informasjon om begge søknadsprosessar
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging, kan du kontakte oss på 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tildlegare har søkt på ledig stilling hjå oss, vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praksierer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Dersom du treng hjelp med utfylling av elektronisk søknad, kan du ta kontakt med Liv Helene Aalen på telefon 57 63 18 58.

Gå til søknadsskjema
Til toppen