Frist: 12. mai

Aurland kommune søkjer sjukepleiarar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me tilbyr kr 20 000 i tillegg til ordinær lønn som rekrutteringstiltak

Me har ledig:

  • Aurland helsetun, 100% fast stilling frå 12.06.19
  • Heimesjukepleien, 100% fast stilling og 100% vikariat frå 01.06.19 t.o.m 31.08.2020

 

AURLAND HELSETUN

Arbeidsoppgåver

  • Bistand til bebuarar ved institusjonen
  • Pasientansvarleg sjukepleiar har fagansvar og er bindeleddet mellom avdeling, pasient/pårørande og andre eksterne instansar
  • Legemiddelhåndtering og administrering
  • Dokumentasjon i journalsystemet Gerica
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Oppgåver delegert frå avdelingsleiar

Me søkjer deg som:

  • Er motivert til å jobbe innan eldreomsorg
  • Arbeider sjølvstendig og målretta, samarbeider med andre
  • Kan sjå løysingar og samanhengar
  • Kan iverksetje, følge opp og avslutte oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid med brukargruppa er ønskeleg, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
  • Søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetjing, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

  • Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg der heimevakter er rekna inn i turnusen
  • Om det blir aktuelt å ta ei ekstra heimevakt, blir denne betalt med ein faktor 1:3

Det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova.

Me tilbyr

  • Kr 20 000 som rekrutteringstiltak i tillegg til grunnlønn etter ansiennitet
  • Høve til fagutvikling - med spennande arbeidsoppgåver der det vert jobba systematisk med kvalitetsutvikling for å skape ein god kvardag for bebuarane
  • Ein arbeidsplass i utvikling og endring
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeid med nyoppretta fagutviklarstilling
  • Gratis bruk av treningsrom/styrkerom

 

 

HEIMESJUKEPLEIEN

Arbeidsoppgåver

  • Legemiddelhåndtering og administrering
  • Dokumentasjon i journalsystemet Gerica
  • Lifecare Mobil Pleie (LMP) er programvare som vert brukt for å gjere dagleg dokumentasjon i Gerica medan du er hjå brukar
  • Startar opp med kvardagsrehabilitering i haust
  • Pasientansvarleg sjukepleiar
  • E-link meldingsutveksling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Oppgåver delegert frå avdelingsleiar
  • Hjelpe brukar i eigen heim

Me søkjer deg som:

  • Er motivert til å jobbe innan heimesjukepleie
  • Arbeider sjølvstendig og målretta, samarbeider med andre
  • Kan sjå løysningar og samanhengar
  • Kan iverksetje, følge opp og avslutte oppgåver

Me tilbyr

  • Kr 20 000 som rekrutteringstiltak i tillegg til grunnlønn etter ansiennitet
  • Høve til fagutvikling - med spennande arbeidsoppgåver der det vert jobba systematisk med kvalitetsutvikling for å skape ein kvardag for eldre, sjuke og funksjonshemma i kommunen
  • Ein arbeidsplass i utvikling og endring
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeid med nyoppretta fagutviklarstilling
  • Gratis bruk av treningsrom/styrkerom

Kvalifikasjonar

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar
  • Søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Må ha førarkort

Løn- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

  • Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg

Det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova.

 

 

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Kontaktinfo

Aurland helsetun: Ingrid Finden Bakkedal, 959 84 639, ingrid.bakkedal@aurland.kommune.no

Heimesjukepleien: Marit Irene Aas Nesheim, 959 84 641, marit.nesheim@aurland.kommune.no

 
Gå til søknadsskjema
Til toppen