Frist: 20. aug.

Aurland kommune søkjer treningskontakt

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

God moglegheit for deg som brenn for å arbeide med menneskje med fysisk aktivitet som tilnærming.

Me ynskjer personar som har høgare utdanning innan idrett, vernepleie, sosialt arbeid, rettleiing eller annan relevant utdanning. Studentar i andre og tredje klasse innan nemde studieretningar må gjerne søke, samt personar som har tatt kurs som treningskontakt, og personar som brenn for å arbeide med menneskje med fysisk aktivitet som tilnærming. Vår nye medarbeidar må ha tolmodigheit, empati og kunne arbeide sjølvstendig og i team.

Søkjar må disponere bil og ha førarkort klasse B. Søkjar må jfr Helse og Omsorgstenestelova § 5-4, leggje fram godkjend politiattest før tiltreding i stillinga. Det vert stilt krav til norsk både munnleg og skriftleg.

Me tilbyr:

  • 100 % stilling som treningskontakt med moglegheit for fast tilsetjing. Snarleg tiltreding er ynskjeleg
  • stillinga er i utgangspunktet eit engasjement på prosjektmiddlar til sommaren 2018, men det vert jobba med forlenging, samt å gjere stillinga fast

Arbeidsoppgåver:

  • motivasjonsarbeid for unge vaksne utanfor aktivitet er ein viktig del av arbeidet
  • tilrettelegging av fysisk aktivitet til personar etter deira ynskjer og behov, ein til ein og i gruppe
  • arbeid med menneskje som har utfordringar innan rus, sosialt liv og psykisk helse
  • samarbeid med ruskonsulent, psykisk helse og NAV

Løns- og tilsetjingsvilkår:

  • tilsetjing, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • lønn etter kvalifikasjonar
  • det må påreknast noko arbeidstid på kveld

Dersom du treng hjelp med utfylling av elektronisk søknad, kan du kontakte Liv Helene Aalen på telefon 57 63 18 58. Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Gå til søknadsskjema
Til toppen