Frist: 30. sep.

BDO søkjer nyutdanna økonomar og erfarne revisorar til Årdal og Førde

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

VIL DU VERE MED PÅ LAGET?

Vi er i vekst – og er på jakt etter nye medarbeidarar som har rett profil; fagleg og personleg kompetanse, engasjement og motivasjon til å satse på ei karriere saman med oss.

BDO er eit av Norges største revisjonsselskap med ambisjon om å skape dei beste kundeopplevingane. BDO i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Florø, Måløy, Sandane og Årdal, der vi leverer revisjonstenester og rådgjeving til eit breitt spekter av det lokale næringslivet. Vi bryr oss om kundane våre, og er tett på det lokale næringslivet og kjenner kundane våre sine utfordringar godt.

Våre dyktige, motiverte og engasjerte medarbeidarar søker alltid å gje verdifulle råd og tilbakemeldingar som effektiviserer og forbetrar kvardagen for kundane. Vårt arbeidsmiljø er prega av ein uformell tone der lagfølelsen og gjensidig respekt er tydeleg.

Våre nye revisjonsmedarbeidarar kan sjå fram til ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte:

  • Revisjon av en variert kundeportefølje
  • Arbeide i team på større revisjonsoppdrag
  • Sjølvstendig arbeid direkte under oppdragsansvarleg partner på mindre oppdrag
  • Utarbeide årsregnskap og likningspapir
  • Bistand ved andre attestasjons- og rådgivingsoppdrag

Vi ynskjer oss kollegaer som har:

  • Bachelor eller master i økonomi
  • Erfaring frå revisjon eller rekneskap, eller er nyutdanna
  • God IT- og systemforståing
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Dine personlege eigenskapar er gjerne:

  • Strukturert og systematisk
  • Løysingsorientert
  • Initiativrik
  • Høg integritet
  • Mot til å utforska og utfordra
  • Evne og vilje til å dele kunnskap

I tillegg er det viktig at du har endringsvilje. Faget vårt og rammevilkåra vi opererer i endrar seg kvar einaste dag. Det gjer at vi heile tida må forbetre oss, ta initiativ til og vere opne for nytenking, nye løysingar og nye måtar å jobbe på.

Hjå oss får du ein flott stad å jobbe og:

  • Personleg læring gjennom utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode vilkår og utviklingsmoglegheiter
  • Eit profesjonelt team i ryggen som lærer og støttar
  • Kompetanseutvikling gjennom eit omfattande kurs- og rettleiingsprogram
  • Over 1600 trivelege, dyktige og engasjerte kollegar med fagkunnskap som spenner breitt
  • Eit uformelt og godt sosialt arbeidsmiljø med kollegaer som bryr seg om kvarandre

 

Søknadsfrist: 30.09.2019

Ved spørsmål, eller behov for ytterlegare informasjon om stillingane, kontakt:
Årdal - Harald Husabø, mobil: 950 28 150, harald.husabo@bdo.no
Førde – Jan Inge Rygg, mobil: 916 55 403, jan.inge.rygg@bdo.no 

Gå til søknadsskjema
Til toppen