Frist: 7. jan.
(Foto: Vegar Wathne Bøyum)

Bu her – jobb som journalist for Porten.no

Vil du vera med på å styrka vår posisjon som heildigital lokalavis i vakre omgjevnader i Indre Sogn? Me leitar etter deg som har journalistisk teft og evne til å vera med og vidareutvikla vårt redaksjonelle arbeid i Porten.no.

Porten.no utvidar. Som journalist hos oss vil du få sjansen til å vera med og utvikla nettavisa vidare. Du vil bli ein nøkkelperson i eit ung og engasjert arbeidsmiljø.

Kontora er plassert midt i ein godtepose av naturmoglegheiter, anten du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport.

Ansvar og oppgåver: 

Vera med å utvikla det redaksjonelle arbeidet. Stille førebudd med idear til kvar vakt. Laga innhald og eigne journalistiske saker – og heile tida vera på jakt etter dei gode historiane

Ynskja kvalifikasjonar og bakgrunn: 

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan journalistikk
  • Erfaring som journalist
  • Oppdatert på utviklinga i norsk presse både journalistfagleg og teknologisk
  • Samfunnsengasjert
  • Eit sterkt engasjement for uavhengig journalistikk
  • God etisk vurderingsevne
  • Erfaring med å jobba med digitale plattformer
  • Gjerne erfaring med video
  • Porten er ei nynorskavis – og vår nye journalist må vera trygg på å skriva nynorsk

Me søkjer deg som:

  • Har ambisjonar som journalist
  • Er idérik og har god journalistisk teft
  • Er oppteken av resultat og kvalitet
  • Er analytisk og strategisk
  • Har gode samarbeidsevner og gode leiarevner
  • Er kreativ og nysgjerrig

Me tilbyr:

  • Ein sjeldan sjanse til å vera med å bygga opp ei heildigital lokalavis
  • Ei viktig rolle i eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet
  • Konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar
  • I utgangspunktet 100%. Det kan òg vera mogleg å tilby ein lågare prosent, dersom det er ynskjeleg 

For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar og redaktør, Synne Asheim Haga, tlf. +47 975 46 895 eller synne@porten.no

Send CV og søknad snarast. Legg ved attestar og vitnemål. Søknadar blir behandla fortløpande. 

Oppstart etter avtale.

Gå til søknadsskjema
Til toppen