Frist: 9. Dec

Difi: Er du jurist og vil bidra til eit digital, datadrive tilsyn?

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi søkjer førstekonsulent/rådgjevar til 1-årig vikariat i vårt juridiske team frå 15.2.2020.

Kvifor søker vi deg?

Difi fører tilsyn med at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar følgjer forskrift om universell utforming av ikt. For å sikre inkludering i ein stadig meir teknologisk kvardag, skal nettsider, appar og automatar vere utforma slik at alle kan bruke dei. Tilsynet rettleier om universell utforming av ikt og jobbar for eit samfunn utan digitale barrierar.

Tilsynet jobbar tverrfagleg innan områda jus, teknologi, statistikk/analyse, web og kommunikasjon. Vi tilbyr fagleg utvikling med varierte oppgåver på tvers av fagområda. Vi har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø med gode ordningar for medarbeidarane.

Vi har ledig eit 1-årig vikariat i vårt juridiske team frå 15.2.2020.


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre tilsyn av ikt-løysingar og annan juridisk saksbehandling
  • Bidra til tilsynet si rettleiing til verksemder og innbyggarar gjennom foredrag, webinar, sosiale media og i andre kanalar
  • Bidra i prosjekt og utgreiingsarbeid, inkludert oppdrag frå departementet
  • Delta i internasjonalt arbeid

Video: https://www.youtube.com/watch?v=x2LahmUwYr4


Vi vektlegg at du har

  • gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • god organisasjonsforståing og analytiske evner
  • evne til og interesse for å arbeide i team og prosjekt


Du må

  • ha fullført høgare utdanning med master i rettsvitskap/cand.jur
  • vere god til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk


Vi ønskjer også at du:

  • har erfaring med tilsyn, gjerne også metodearbeid
  • erfaring med inkluderingsarbeid og/eller universell utforming
  • har erfaring med teknologi og gjerne prosjektarbeid
  • har kjennskap til og forståing for offentleg forvaltning


Hos oss får du

  • løn som førstekonsulent eller rådgjevar i lønsspennet kr 449 300 og 605 500 etter kvalifikasjonar og ifølge Difi sine kriterium for stillingar. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn avtalast
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstig bustadlån
  • og gode forsikringsordningar
  • familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • treningsrom og moglegheit for å trene i arbeidstida


Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt:

Avdelingsdirektør, Malin Rygg, tlf 971 97 317

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Har du utdanning frå utlandet, tilrår vi ei autorisert oversetjing av vitnemåla og godkjenning frå NOKUT.

Vi gjer merksam på at søkjarlister kan bli offentleggjort etter offentleglova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen