Frist: 9. des.

Difi: Vil du bidra til eit digitalt, datadrive tilsyn?

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Difi søkjer rådgjevar/seniorrådgjevar til fast stilling,

Difi fører tilsyn med at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar følgjer forskrift om universell utforming av ikt. For å sikre inkludering i ein stadig meir teknologisk kvardag, skal nettsider, appar og automatar vere utforma slik at alle kan bruke dei.

Tilsynet jobbar tverrfagleg innan områda jus, teknologi, statistikk/analyse, web og kommunikasjon. Vi tilbyr fagleg utvikling med varierte oppgåver på tvers av fagområda. Vi har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø med gode ordningar for medarbeidarane.

Vi har ledig ei fast stilling i vårt analyseteam.


Dine oppgåver er

  • å utarbeide og formidle data, statistikk, analyse og kartleggingar
  • å leie/delta i utgreiingar og strategisk arbeid, inkludert oppdrag frå departementet
  • å leie/delta i prosjekt
  • å bidra til tilsynet si rettleiing til verksemder og innbyggarar gjennom foredrag, webinar, sosiale media og i andre kanalar
  • å delta i internasjonalt arbeid


Kvalifikasjonar
Du må ha:

  • ha fullført høgare utdanning på masternivå, innan samfunnsøkonomi, statsvitskap, sosiologi eller tilsvarande fagfelt
  • vere god til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk


Vi ønsker også at du:

  • har erfaring med produksjon, analyse og formidling av data og statistikk
  • har erfaring med kartleggingar og utgreiingsarbeid
  • har erfaring med prosjektarbeid
  • har kjennskap til og forståing for offentleg forvaltning


Vi legg vekt på at du har

  • gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • god organisasjonsforståing og analytiske evner
  • evne til og interesse for å arbeide i team og prosjekt


Vi tilbyr deg

  • løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 504 700 - kr 789 200 per år etter kvalifikasjonar og Difi sine kriterium for stillingar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgre løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida


Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt:

Avdelingsdirektør, Malin Rygg, Tlf 971 97 317

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Har du utdanning frå utlandet, tilrår vi ei autorisert oversetjing av vitnemåla og godkjenning frå NOKUT.

Vi gjer merksam på at søkjarlister kan bli offentleggjort etter offentleglova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen