Frist: 18. Mar

DigDir søker seksjonssjef til Service-senteret

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Er du vår nye seksjonssjef i avdeling digitale fellesløysingar?

Har du eit bevisst forhold til leiarskapet ditt? Kva styrer deg, og korleis forvaltar du verdiane dine? Er du opptatt av formidling og samtalekvalitet?  Dette er ei leiarstilling der samhandling og kommunikasjon er vesentleg. Du må evne å sette oppgåvene seksjonen har ansvar for inn i samfunnsoppdraget som skal løysast, og i samanheng med avdelinga sitt leveranseområde.

Seksjonen du skal leie har ansvar for innbyggerretta brukarstøtte på telefon, e-post og chat for m.a. ID-porten. Brukarstøtta har sin plass i verdikjeda som er ryggrad i avdelinga for digitale fellesløysingar. Vi publiserer Norsk lysingsblad og har ansvar for nettstaden Norge.no. Servicesenteret har i tillegg hand om intern drift av kontorbygget på Leikanger, inkl. ei kantine vi er stolte av.

Seksjonen leverer høg kvalitet, med særs gode målingar både på kundetilfredsheit og internt arbeidsmiljø. Vi har arbeidd systematisk med eigen kompetanse.

Stillinga som leiar for seksjon servicesenter i avdeling for digitale fellesløysingar (FDF) vert ledig i september. Som seksjonssjef får du ansvar for å leie og vidareutvikle ein seksjon med for tida 18 tilsette. Du vil inngå i leiargruppa i avdelinga, og rapportere til avdelingsdirektør.

Digdir Leikanger har dei siste åra fått stadig fleire oppdrag, og dei nasjonale fellesløysingane vi utviklar og forvaltar her har særs høg bruk. Vi treng betre plass, og du vil gå inn som lokal kontakt-person i prosjektet for utviding av kontorlokala våre. Dette blir eit løft for miljøet vårt, og ei viktig oppgåve fram mot 2023.

Stillinga er fast og arbeidsstad er Leikanger.


Kvalifikasjonar

Du må ha

  • leiarerfaring med relevans for stillinga, gjerne der relasjonell kompetanse har vore viktig 
  • formell kompetanse på masternivå eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • dokumentert erfaring med å drive prosessar framover og skape gode resultat
  • god formuleringsevne både skriftleg og munnleg, på norsk, nynorsk og engelsk


Vi søkjer deg som

  • er aktivt lyttande, nysgjerrig og løysingsorientert
  • er strukturert og ein god organisator
  • handterer både overordna oppgåver og detaljar på seksjonsnivå
  • har god evne til å kommunisere klart og klokt
  • liker å bygge lag og felles kultur
  • samarbeider lett og har godt humør
Kolleger som sitter sammen i en sirkel og diskuterer


Vi tilbyr deg

  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn som seksjonssjef i lønsspennet kr 769 000 - kr 910 900 etter kvalifikasjonar
  • familievennleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • treningsrom og opning for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.

Banner - blå svart


Vil du vite meir?

Synes du dette er interessant og ønskjer meir informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef Hege Feet Askvik 
E-post: HegeFeet.Askvik@digdir.no
Telefon: 911 85 534

 

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.

 

Søknadsfrist: 18.03.21

Gå til søknadsskjema
Til toppen