Frist: 1. Mar

DigDir søkjer IT-studentar til sommarjobbar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Er du IT-student og vil ha ein spennande sommarjobb i Digitaliseringsdirektoratet?

Om DigdirCamp 2021

Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Leikanger i Sogn. Vi gir sommarjobb til inntil åtte studentar, frå midten av juni til midten av august. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete ikt-oppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar og funksjonar, som mellom anna ID-porten og MinID, og koordinering og utvikling av interne og eksterne IT-system i dei andre fagavdelingane i direktoratet. Døme er nettside som Digdir.no. Direktoratet er også tilsyn for universell utforming av ikt.

Vi har ledig sommarjobb for inntil åtte IT-studentar frå midten av juni til midten av august 2021.


Aktuelle arbeidsoppgåver

Du får høve til å arbeide tett saman med utviklingsmiljøet i Digitaliseringsdirektoratet. Oppgåvene vil vere å utvikle og tilpasse digitale tenester for offentleg sektor.

De jobbar gjerne i to grupper for å løyse konkrete oppgåver. Gjennom sommaren presenterer studentane korleis dei jobbar med oppgåvene og kva for løysingar dei foreslår.

Video: https://youtu.be/2YiVLT1xF6Q 


Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært etter studentar innan informatikk/systemutvikling. Pass på at du i søknaden skriv kva utdanning du tek og kor langt du er komen i utdanninga. Arbeidsspråket er norsk.


Hos oss får du

  • løn i lønstrinn 40 som svarer til ei årsløn på kr 387 900
  • eit spennande arbeidsfellesskap saman med våre erfarne medarbeidarar og med andre IT-studentar
  • gode muligheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø

Vi treng også informasjon om du treng hybel, og om du kan følge oppsett arbeidsperiode hos oss. Legg ved karakterutskrift som dokumentasjon av utdanning, karakterutskrift kan lastast ned frå Vitnemålsportalen.


Vil du vite meir?

Synes du dette er interessant og ønsker meir informasjon, kontakt gjerne

Systemutviklar Hallvard Bjørdalsbakke
E-post: hallvard.bjordalsbakke@digdir.no 
Telefon: 417 49 924

Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no 
Telfon: 911 46 279

 

Søknadsfrist: 01.03.21

Gå til søknadsskjema
Til toppen