Stillingen er satt passiv.
Vi søker ein IT-teamleiar med god kompetanse innanfor skyløysingar og nettverk
Framtida ligg i skya og vi treng ein engasjert teamleiar på IT-området, som kan bidra til at vi kan halde fram med å lage nye løysingar for å digitalisere Noreg. Direktoratet har ein cloud-first-strategi og har som mål å ligge helt fremst i utviklinga og evna til å ta i bruk ny teknologi. Vi nyttar primært skyløysingar som Azure og Microsoft 365 frå Microsoft, men og skytenester frå Amazon og Google.
Stillinga er fast og arbeidsstad er Leikanger. Noko reising til lokasjonane i Oslo og Brønnøysund inngår i stillinga.
Digitaliseringsdirektoratet skal være regjeringa sitt fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggjarane og auka verdiskaping for næringslivet. Digitaliseringsdirektoratet forvaltar nasjonale fellesløysingar som Altinn og ID-porten. Direktoratet har en moderne IT-infrastruktur med gode digitale samarbeidsløysingar.
I tillegg til spennande faglege utfordringar, kombinerer vi fleksibel arbeidstid med gode moglegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø.
Du må ha
Du bør
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Tommy Harjo
E-post: tommy.harjo@digdir.no
Telefon: 952 34 563
Fungerande seksjonssjef Kristine Håland
E-post: kristine.haland@digdir.no
Telefon: 954 36 682
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Søknadsfrist: 01.03.21