Stillingen er satt passiv.
Vi søkjer ein erfaren prosjektleiar som kan leia arbeidet med å breie ut eInnsyn til kommunar og fylkeskommunar.
Har du interesse for demokratiske prosessar og openheit i offentleg forvalting? Liker du å analysere og å forbetre arbeidsprosessar? Er du nysgjerrig på korleis teknologiske løysingar best kan spela saman for å skapa gode og samanhengande tenester og arbeidsprosessar? Trivst du i skjeringspunktet mellom menneske og teknologi? Liker du å bli utfordra å ta ansvar? Da er du den vi leiter etter.
Fellestenesta eInnsyn skal gjera det enklare for innbyggarar å få innsyn i offentleg forvalting i tråd med offentlegheitsprinsippet. Visjonen til eInnsyn er å fremja openheit og demokrati. Openheit i forvaltinga bidrar til legitimitet, tillit og respekt slik at samfunnsdebatten kan gjennomførast på eit best mogleg informert grunnlag. Offentlegheitsprinsippet er difor ein av hjørnesteinane i det norske demokratiet.
Stillinga er fast og arbeidsstad er Leikanger.
Du må ha
Du bør ha
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef, Nina Munthe Olsen
E-post: ninamunthe.olsen digdir.no
Telefon: 412 17 046
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Søknadsfrist: 01.03.21