Frist: 21. Jun

DigDir søkjer senior systemutviklar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vil du modernisere og utvikle det nye Norge? Vi søkjer senior systemutviklar.

Digitaliseringsdirektoratet søkjer ein erfaren systemutviklar som kan bidra til å vidareutvikle våre nasjonale fellesløysingar. Med eit vidt spenn i arbeidsoppgåver, utviklar vi digitale fellesløysingar for det offentlege. Kanskje kjenner du til ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret, ELMA eller eFormidling? Dette er løysingar som gjer Norge enklare!

Vi søkjer deg som vil bli ein del av eit av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Vi har alltid fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, samtidig som vi arbeider med spennande teknologiar. I Digitaliseringsdirektoratet vil du bli ein del av eit større fagmiljø på snart 30 utviklarar. Du vil møte varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med fagmiljø både i og utanfor Digitaliseringsdirektoratet. 

Vårt utviklingsmiljø jobbar planmessig, med stor fagleg tyngde og høge ambisjonar. Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis dette kan nyttast i utviklinga av digitale løysingar. Som medarbeidar hjå oss vil du ha stor påverking på val av teknologi og verktøy i ditt team.

Stillinga er fast med kontorstad i Sogndal kommune. Kontorstad på ein av våre andre lokasjonar, i Brønnøysund eller Oslo, kan vurderast i særlege tilfelle. 


Dine oppgåver:

  • Systemutvikling i eit smidig produktteam.
  • Delta i design, utvikling og forvaltning av våre fellesløysingar.
  • Bidra til at sikkerheit og ytelse blir ivaretekejobbe med avansert arkitektur for eksisterande og nye løysingar, ved bruk av sky-teknologi.
  • Bidra til automatisering, kontinuerleg integrasjon & deploy i vår byggepipeline.
  • Vere pådrivar for kvalitet i kodeleveranse og rettleie andre utviklarar.


Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Bachelor- eller masterutdanning innan programmering og systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad.
  • Minst tre års erfaring innanfor systemutvikling.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.


Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område: 

  • Systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket 
  • Løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar 
  • Teamarbeid med utvikling basert på smidige metodar 
  • Kvalitet i kodeleveranse inkludert modellering, "clean code" og testing 
  • Erfaring med applikasjonssikkerheit og utvikling


Vi søkjer deg som:

  • Kan jobbe sjølvstendig og i team 
  • Tek initiativ når du ser nye moglegheiter 
  • Er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert 


Vi tilbyr deg

  • Løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 524 200 - kr 848 800 pr. år etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
  • Familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar.
  • Treningsrom og høve til trening i arbeidstida.

I tillegg til interessante faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu. 


Vil du vite meir?

For meir informasjon, kontakt:

  • Produkteigar: Espen Kørra 
    E-post: Espen.Korra@digdir.no
    Telefon: 928 08 669 
     
  • Seksjonssjef: Jørn Stenehjem 
    E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
    Telefon: 911 46 279 

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Har du utdanning frå utlandet, tilrår vi ei autorisert oversetjing av vitnemåla og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no).

Vi gjer merksam på at søkjarlister kan bli offentleggjort etter offentleglova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen