Stillingen er satt passiv.
Vi har no ledig eit års vikariat med ønske om tilsetting så snart som mogleg. Arbeidsstad er Leikanger.
I tillegg til spennande faglege utfordringar, kan vi tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med ein variert arbeidsmarknad og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere ut ifra utdanning og erfaringsnivå. Vi oppfordrer også nyutdanna til å søke.
Kvalifikasjonar
Du må
Du bør
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at søkaren skal vere personleg eigna til stillinga.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.
Vi tilbyr deg
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Avdelingsdirektør Malin Rygg
E-post: Malin.Rygg@digdir.no
Telefon: 971 97 317
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Søknadsfrist: 04.01.2021