Frist: 8. Apr

DigDir søkjer teknolog

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vil du bidra til eit digitalt, datadrive tilsyn?

Ikt-løysingar i Noreg skal vere universelt utforma. Dette gjeld nettstader, appar og automatar. Tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) fører tilsyn med at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar etterlever forskrift om universell utforming av ikt. Vi rettleiar om universell utforming av ikt og arbeider for eit samfunn utan digitale barrierar.

Tilsynet har no ledig ei stilling som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar. Vi ønsker deg med utdanning og erfaring innan ulike disiplinar av teknologifaget, som kan bidra med tilsyn og rettleiing på ikt-området og delta i prosjektarbeid.

Stillinga er fast og arbeidsstad er Leikanger, men vi vil i særlege tilfelle vurdere arbeidsstad ved kontora våre i Brønnøysund og Oslo.

I tillegg til spennande faglege utfordringar, kan vi tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med ein variert arbeidsmarknad og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i gjennomføring av kontroll og tilsyn med ikt-løysingar
  • Teste grad av universell utforming av ikt-løysingar i offentleg og privat sektor
  • Bidra i dataproduksjon, dataforvaltning, utvikling av verktøy og metodar for test av universell utforming av ikt
  • Gi informasjon og rettleiing om universell utforming av ikt
  • Prosjektleiing/-deltaking 
Møtedeltaker med PC i fokus


Kvalifikasjonar

Du må ha

  • fullført høgare utdanning på mastergradsnivå innan teknologi, forvaltningsinformatikk eller andre relevante fagfelt

Vi ønskjer også at du

  • har erfaring med universell utforming eller menneske/maskin-interaksjon
  • har erfaring med teknologi og ikt-løysingar og gjerne prosjektarbeid
  • har god kjennskap til og forståing for offentleg forvaltning
  • er god til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk


Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du har

  • god organisasjonsforståing og analytiske evner
  • gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • evne til og interesse for å delta i og leie prosjekt og teamarbeid

Vi legg vekt på at søkaren skal vere personleg eigna til stillinga.

Jobbing på PC


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.


Vi tilbyr deg

  • arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn som førstekonsulent, rådgivar eller seniorrådgivar i lønsspennet kr 474 500 – kr 700 000 etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn
  • familievennleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar


Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef Margrethe Berg Goksøyr 
E-post: MargretheBerg.Goksoyr@digdir.no
Telefon: 473 37 605

 

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.

 

Søknadsfrist: 08.04.21

Gå til søknadsskjema
Til toppen