Frist: Snarest

Ecura søker miljøterapeutar i faste stillingar til Hafslotun

Som miljøterapeut vil du arbeida i team med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og gjennomføring av målretta miljøterapeutisk arbeid i tråd med gjeldande lovverk. Oppgåvene dine vil vera tett knytt opp mot teamet for å bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer. Med veiledning frå Fagkonsulent i fagteamet.

Me søker deg med rett innstilling og haldningar til det viktige arbeidet som skal gjerast. Me kan tilby ein variert arbeidskvardag med stort fokus på kvalitet i arbeidet, godt arbeidsmiljø med ulike kollegaer i ulike aldrar, og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonane dine:

  • Sjukepleier eller Vernepleiar.
  • Personar med anna 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning vert også oppmoda om å søka.
  • Vidareutdanning innan psykisk helsevern, miljøterapi eller liknande er eit føremonn.
  • Kompetanse og/eller erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.
  • Kunnskap om og erfaring med relevant regelverk; HOL Kap9, TPHV, PBRL 4a og liknande.
  • Erfaring frå arbeid med menneske i krevjande fasar i livet.
  • Komplementære ferdigheiter innan friluftsliv, idrett, musikk, handverk etc.
  • Førarkort klasse B.

Eigenskapane dine:

  • Fagleg engasjert, med gode evner til å integrere daglegdagse gjeremål i miljøbehandlinga.
  • Ansvarsbevisst.
  • Kreativ og endringsorientert, samt lojal mot planar.
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
  • Fleksibel og godt humør.
  • Personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.
  • Av oppdraga si art oppfordrast menn til å søke.

Me tilbyr:

  • 100% faste stillingar
  • Veileding frå Fagkonsulent i tett samarbeid med Spesialisthelsetjeneste
  • Eigne opplærings- og rettleiingsprogram.
  • Arbeidsmiljø med engasjerte kollegaar.
  • Medlevarturnus
  • Konkurransedyktige vilkår.
  • Gode mogelegheiter for personleg utvikling.

Me krev godkjend politiattest i henhold til gjeldande lovverk. Dei som vert tilsett må etterleva Ecura sine verdigrunnlag i arbeidet og har eit sterkt ynskje om å utgjera ein skilnad for arbeidsgjevarar, tenestemottakarar og deira pårørande.

Vennligst henvis til Jobbdirekte i søknaden din.

Kontaktinfo: 

Gå til søknadsskjema
Til toppen