Frist: 24. Feb

Ferievikarar i psykisk helseteneste og Årdal legekontor sommaren 2020

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Psykisk helseteneste
Me treng ferievikarar i tida ca. 01.06.20 - ca.18.08.20. Me ønsker personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med psykisk liding. Me oppmodar spesielt personar som er under utdanning innan helse- og sosialfag til å søka. Arbeidet er i psykisk helseteneste sine lokale. I tillegg er det arbeid i form av heimebesøk og aktivitetar. Det er turnusarbeid. Søkjarane må vera over 18 år, og det er krav om sertifikat. Politiattest vert kravd framlagt, jf. Helse- og omsorgstenestelova.

Årdal Legekontor
Me treng ferievikar i tidsrommet 22.06.20 - 14.08.20. Me ønsker ein person med medisinsk fagleg bakgrunn og/eller har starta utdanning innan helsefagarbeidar/ sjukepleiar. Det er dagtid, og søkar må vera over 18 år. Politiattest vert kravd framlagt, jf. Helse- og omsorgstenestelova.

Kontaktperson


Søknadsprosedyre
Trykk på «Gå til søknadsskjema» nedst i utlysninga. Vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden. Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen