Frist: 22. Mar

Flåm AS søkjer butikkleiar Merchandise

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me søkjer leiar til våre butikkar i Flåm.

Me søkjer etter deg som ynskjer å vera med å bygge opp og vidareutvikle eit unikt konsept og produkt for gjester og reisande til våre destinasjonar. I dag består merchandise av tre butikkar med sentral plassering i Flåm.

Flåmsbanamuseet er ein gåvebutikk som har eit mangfald av varer og museum som forlenger opplevinga av ei reise med Flåmsbana.

Flåm Store består av to butikkar, der tema er unike norske og skandinaviske produkt samt våre eigne kolleksjonar.

Du er ein leiar som ynskjer å skape resultat og gode opplevingar for gjestene gjennom dine medarbeidarar og ditt engasjement.

I Flåm vert du ein del av eit internasjonalt miljø, med fast tilsette og sesongarbeidarar frå over 20 nasjonalitetar. Naturen spelar på lag med oss og gjer det enkelt for oss å leve opp til våre verdiar:

Ekte - Spektakulær - Gjestfri - Kompetent


Om deg

  • Du er nytenkande, fleksibel og løysingsorientert
  • Har god struktur og orden
  • Kan leie menneske gjennom tillit, openheit og involvering
  • Har erfaring med personalansvar
  • Er utadvendt og er ein god relasjonsbyggar, både internt, mot kundar og samarbeidspartar
  • Har fokus på sal og kunde gjennom gode kundeopplevingar
  • Høg arbeidsmoral og gjennomføringskraft
  • Du har oversikt tross høgt aktivitetsnivå


Arbeidsoppgaver

  • Organisere, leie og delta i det daglege arbeidet i butikkane
  • Bestilling, mottak og varelagerstyring
  • Handtere ordrar; via e-post og telefon
  • Fylje opp og sørge for at leveransar er etter avtale
  • Bidra til den gode kundeopplevinga
  • Ansvar for å optimalisere butikkdrift


Ansvarsområder

  • Personalansvar for tilsette i butikkane
  • Budsjett- og resultatansvar
  • Ansvar for høg butikkstandard
  • Ansvarleg for gode kundeopplevingar


Me ynskjer at du har

  • Relevant erfaring frå butikkdrift
  • Gode relasjonelle eigenskapar
  • Erfaring med sal, drift og økonomistyring
  • Gode datakunnskaper

Det er eit krav at du må kunne norsk og engelsk munnleg og skriftleg, fleire språk vert sett på som ein føremon.

Me tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode karriere -og utviklingsmoglegheiter i ein ung og dynamisk organisasjon.

Tilsetting snarast eller etter avtale.

Fram til 3.3.2020 ta kontakt med HR direktør Nils Asbjørn Lie, tlf. 905 10 709 for spørsmål.
Ellers kontakt Birgittha Sandström, E-post: birgittha.sandstrom@visitflam.com

 

Søknadsfrist: 22.03.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen