Frist: 9. feb.
(Foto: Sverre Hjornevik)

Flåm Utvikling søkjer sesongmedarbeidarar 2020

For sesongen 2020 har me følgjande ledige stillingar.


Kundehandsamarar:

  • Sal av billettar for Flåmsbana og Bergensbanen.
  • Booking og kundeservice på Flåm stasjon, på telefon og e-post.
  • Ta imot gjester ved ombordstiging på Flåm Stasjon.
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg, er påkravd. Kjennskap til andre framandspråk sjåast på som ein fordel, men er ikkje påkravd.


Servicevertar:

  • Vertskap på toga, Flåm stasjon og Myrdal stasjon.
  • Arbeidsoppgåvene består mellom anna av guiding, organisering og assistanse ved ombordstiging.
  • Gode kunnskapar i engelsk munnleg er krav. Kunnskapar i norsk og framandspråk sjåast på som ein fordel.


Sykkelbua:

  • Ansvar for mottak og sending av syklar, bagasje og anna gods til og frå Flåmsbana, samt reinhald av stasjonsområdet og togvogner utvendig.
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk munnleg er ein fordel.


Reinhald:

  • Reinhald av kontor, toalett, venterom, personalbustad og togvogner.


Me søkjer personer som har ein utprega stå på vilje, er serviceinnstilt og som vil trivast i eit hektisk, men godt arbeidsmiljø. Løn og andre vilkår etter avtale.

For nærmare opplysningar kontakt: Sindre Orvedal, på sindre@visitflam.com.

Skriv ein kortfatta søknad på e-post, der det går fram kva stilling du søker på, tidsrom som er aktuelt å jobbe i perioden april-oktober, samt om du har behov for losji i Flåm under arbeidsperioden. Flåm Utvikling kan vera behjelpeleg med dette, men eigen bustad er ein fordel.

Søknad sendes til sindre@visitflam.com

Søknadsfrist 9. februar.

Gå til søknadsskjema
Til toppen