Frist: 16. Mar

Flyktningtenesta i Sogndal kommune søkjer lærarar - sommarvikarar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Flyktningtenesta i Sogndal kommune søkjer inntil fem lærarstudentar eller andre med relevant kompetanse til sommarjobb i perioden 18. juni - 30. juni og 27. juli - 14. august 2020.

Flyktningar med opphaldsløyve har rett og plikt til å delta i kommunen sitt introduksjonsprogram. Introduksjonsprogrammet er på inntil to år, og skal gje flyktningar grunnleggjande ferdigheiter i norsk, grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu for deltaking i yrkeslivet. Dei som tilsettast skal undervise flyktningar i introduksjonsprogrammet i dei nemnte vekene.


Arbeidsoppgåver:

  • Halde fire veker og to dagar med utdannings- samfunns- og jobbretta undervisning. Undervisninga utførast i veke 26, 27 (kun 29. og 30. juni), 31, 32 og 33.
  • 18. og 19. juni er førehaldt undervisningsplanlegging.
  • Innhaldet i undervisninga skal primært være retta mot arbeidslivet, utdanningssystemet og kunnskap retta mot å fungere i det norske samfunnet.
  • Lærarane står sjølv fritt til å nytte dei pedagogiske virkemidel dei ynskjer innanfor dei rammene som er planlagt på førehand.


Kvalifikasjonar:

Vi oppmodar lærarar, studentar og andre med arbeidslivs- og utdanningskunnskap til å søke, men er og positive til andre søkarar. Pedagogisk erfaring, personleg egnaheit og fleirkulturell kompetanse vektleggjast. Dei som vert tilbydd stillinga må levere politiattest av nyare dato og turberkolinattest.


Personlege eigenskapar:

  • Løysningsorientert og sjølvstendig
  • Evne til å jobba i team.
  • Personleg egnatheit vektleggast


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar


Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.

 

Søknadsfrist: 16.03.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen