Frist: 16. sep.

Fylkeskommunen søkjer rådgjevar, reinhaldsleiar og lærar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledige stillingar som:

  • Rådgjevar – GIS
  • Reinhaldsleiar
  • Undervisningsstilling ved Mo og Øyrane Vgs: IKT Servicemedarbeidar 


Rådgjevar - GIS

Vi arbeider med analyser av samfunns- og næringstilhøva i fylket. Analysane vert nytta i arbeidet med regional planlegging og som støtte til kommunalt og interkommunalt plan og strategiarbeid. Stillinga er knytt til fylkesrådmannen sin plan-stab, men skal støtte opp om heile fylkeskommunen si verksemd med samfunnsanalysar. Meir info.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av GIS-programvare, strukturering og tilrettelegging av kartdata, samt brukarstøtte og intern opplæring
  • Arbeid med statistikk og analyse og utarbeiding av temakart spesielt opp mot det pågåande planarbeidet
  • Vere representant for fylkeskommunen i regionale og nasjonale GIS-samarbeid
  • Samarbeid med eventuelle eksterne aktørar som t.d. fylkesmannen om drift og vidareutvikling av løysingar for felles temakart- og statistikkdatabase

 

Reinhaldsleiar ved dei vidaregåande skulane i Førde

Samlokalisering av Mo og Øyrane vidaregåande skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane er gjennomført. Det er sett opp reinhaldsplan for samla areal for desse to skulane i tillegg til Hafstad vidaregåande skule.

I samband med den nye reinhaldsplanen skal Mo og Øyrane vidaregåande skule, Hafstad vidaregåande skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane teste ut samla reinhaldsressurs med ein leiande reinhaldar som skal ha personalansvar. Meir info.

Arbeidsoppgåver:

  • Om lag 60% administrativ stilling og 40% som reinhaldsoperatør
  • Dagleg leiarskap for sine einingar og følgje opp brukaravtale
  • Koordinere samarbeid mellom einingane for best mogleg å utnytte ressursane
  • Tett samarbeid med fagansvarleg, og delta i regelmessige møte med leiinga ved einingane
  • Personalforvaltning og HMT med omsyn til fråværsoppfølging, vikarordningar, opplæring etc.

 

Inntil 100% ledig undervisningsstilling IKT Servicemedarbeidar

Med snarast tilsetjing har vi ledig undervisningsstilling innan IKT-Servicemedarbeidar for ei gruppe vg3 elevar. Opplæringa av elevane skal skje i form av praksis/teori i skule og praksis i bedrift, med oppfølging av faglærar. Meir info.

Kompetanse

  • Krav om undervisningskompetanse innan IKT-servicefag – Høgskuleutdanning og/eller fagbrev med praksis frå IKT og Service
  • Praktisk pedagogisk utdanning er eit krav for fast tilsetjing
  • Relevant praksis innan IKT
  • Røynsle frå skulefaga er ønskjeleg.
Gå til søknadsskjema
Til toppen