Frist: 17. mars

Fylkesmennenes fellesadministrasjon søkjer produktforvaltar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Fylkesmennenes fellesadministrasjon leverer tenester til fylkesmennene og andre offentlege samarbeidsetatar. Digitalisering er eit satsingsområde, og vi ønsker å styrke ein av seksjonane våre i Leikanger med ein produktforvaltar.

Du får ansvar for å leie nye digitaliseringsprosjekt og å følge opp produktportefølja vår. Du får dessutan ansvar for oppfølging av leverandørar og samarbeidspartnarar. Som produktforvaltar bidreg du aktivt i utviklingsarbeidet vårt med skriving av kravspesifikasjonar, vidareutvikling av dei digitale teneneste våre og kontakt med sentrale oppdragsgjevarar.

Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men nyutdanna kandidatar kan òg søke.

Stillinga er 100% og fast og arbeidsstaden er Leikanger, som frå nyttår er ein del av Sogndal kommune.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi tilby kombinasjonen av fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter for friluftseventyr i kvardagen. I Sogndal har by-kvalitetar som kafé- og kulturliv smelta saman med eit yrande friluftsliv. Vi har gode snøforhold, fantastiske tur- og sykkelstiar, spennande fritidstilbod og eit aktivt studentmiljø. Heile Sogn er ein attraktiv og barnevennleg stad å bu.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjekt- og porteføljestyring
  • Prosjektleiing
  • Systemutvikling

Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå (lang og særleg relevant arbeidserfaring kan vege opp for utdanningskravet)
  • Prosjektleiarkompetanse
  • Kunnskap om offentleg forvaltning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, både på nynorsk og bokmål

Personlige egenskaper som blir vektlagt

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Du er engasjert, nytenkande og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og bustadlånsordningar
  • Fast stilling som 1434 rådgjevar, eller for spesielt godt kvalifiserte sjøkjarar; 1364 seniorrådgjevar.
  • Stillinga er normalt lønna med mellom 520 000 og 590 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.
  • Det er 6 månader prøvetid.

Spørsmål om stillinga

Ta gjerne kontakt med seksjonssjef Frank Hofslundsengen på tlf. 992 90 394 eller avdelingsdirektør Jørgen Tistel på tlf. 971 32 057.

Vi har som mål at vår arbeidsstyrke i størst mogleg grad skal gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med redusert funksjonsevne. Informer oss gjerne om dette.

Henvendingar kan gjerast i fortruligheit fram til søknadsfristen går ut. Seinare blir søkarane sine namn gjort kjent i offentleg søkarliste.

Gå til søknadsskjema
Til toppen