Frist: 31. jan.
Fiskeoppdrett (Foto: Gunn Helen Henne)

Fylkesmannen har ledig fast stilling innan ureining og tilsyn

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid med reduksjon av utslepp og betre avfallshandtering
  • Tilsyn etter ureiningslova med verksemder og offentleg eigde anlegg
  • Sakshandsaming med særskilte utsleppsløyve etter ureiningslova
  • Ha oversikt over, og informere om, tilstand og utvikling av ureiningssituasjonen
  • Eventuelt andre, høgt prioriterte oppgåver innan miljøvernområdet

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning på mastergradsnivå
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå industri, privat næringsverksemd eller offentleg forvaltning innan t.d. næringsmiddel, akvakultur, oljeindustri, avløp eller avfall
  • Erfaring frå HMS-arbeid i næringslivet eller offentleg forvaltning er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg trygg, engasjert og motivert for nye oppgåver
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Fleksibel og resultatorientert
  • Kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk.

Som tilsett hos Fylkesmannen får du:

  • Fagleg og personleg utvikling i ein organisasjon med lokalt, regionalt og nasjonalt engasjement
  • Arbeide i eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø
  • Nær kontakt med andre offentlege verksemder og næringslivet
  • Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid

Løn mellom kr 460 000 – kr 560 000 brutto pr år. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. I staten har vi seks månadar prøvetid.

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Du kan be om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal du varslast.

Nærare opplysningar om stillinga får du hos fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal, tlf. 957 23 372, e-post: fmsfney@fylkesmannen.no eller assisterande fylkesmiljøvernsjef Eline Orheim, tlf.415 63 847, e-post: fmsfeor@fylkesmannen.no.

Gå til søknadsskjema
Til toppen