Frist: 6. jan.
(Foto: )

Fylkesmannen i Vestland søkjer direktør

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Fylkesmannen har ledig stilling som direktør for organisasjons- og strategiavdelinga. Kontorstad for stillinga er Leikanger.

Fylkesmannen i Vestland har også kontor i Bergen og Førde, og direktøren må rekne med noko reising.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudansvar for budsjett og økonomi, personal, service og drift av kontorstadane i embetet
  • Strategisk utvikling av embetet saman med fylkesmannen og assisterande fylkesmann
  • Utvikle samarbeidet med Fylkesmennenes fellesadministrasjon om IT-, arkiv- og rådgjevingstenester
  • Leie og ha personalansvar for ei avdeling med 20 tilsette
  • Ta ansvar for heilskapen i embetet og medverke i leiargruppa til Fylkesmannen


Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Relevant masterutdanning frå høgskule eller universitet. For søkjarar utan master, kan vi leggje vekt på god leiarerfaring. 
  • Leiarerfaring
  • Brei arbeidserfaring
  • Høg fagleg og personleg integritet
  • God kunnskap om offentleg forvaltning 


Personlege eigenskapar:

  • Tydeleg og tilgjengeleg, med evne til å skape tillit både internt og overfor samarbeidspartnarar
  • Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og strategisk tenking
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne som leiar
  • Evne til effektiv drift og prioritering av arbeidsoppgåver
  • Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar


Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, frå kr 850 000 - 907 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid, fmsfgoh@fylkesmannen.no, tlf. 911 80 626 eller fylkesmann Lars Sponheim, fmholsp@fylkesmannen.no, tlf. 930 63 594.

 

Søknadsfrist: 06.01.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen