Frist: 14. nov.
Brudeparet Kjerstin og KŒre Olav ¯vreb¿, Solvorn kirke,Luster (Bilde: oskar andersen © debra foto as)

Fylkesmannen søkjer kommunikasjonsrådgjevar til vikariat

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Kunne du tenkt deg å jobbe med kommunikasjon innan ei rekkje viktige samfunnsområde?

Som kommunikasjonsrådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane får du høve til å arbeide med kommunikasjon innan mange viktige samfunnsområde. Vi har ledig eitt års vikariat i staben til fylkesmannen. Ei viktig oppgåve er internkommunikasjon for "å smelte saman" fylkesmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane, som vert samla til eitt embete frå 2019.

Arbeidsoppgåver:

  • Leggje til rette for god mediehandtering
  • Fungere som redaktør for nettstad og intranett
  • Produsere tekst, video og bilete i våre digitale kanalar, inkludert sosiale medium
  • Motivere medarbeidarane til å drive godt informasjonsarbeid
  • Utvikle kommunikasjonsstrategien vår
  • Kriseinformasjon

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå høgskule eller universitet
  • Erfaring frå kommunikasjonsarbeid
  • Interesse for, og erfaring med, sosiale medium i kommunikasjonsarbeid
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg trygg, engasjert og motivert for nye oppgåver
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Initiativrik og med god arbeidskapasitet
  • Kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk.

Som tilsett hos fylkesmannen får du:

  • Fagleg og personleg utvikling i ein organisasjon med lokalt, regionalt og nasjonalt engasjement
  • Arbeide i eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø
  • Nær kontakt med andre offentlege verksemder
  • Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid

Stillinga har lønsspenn mellom kr 460 000 - 569 000,- per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Du kan be om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal du varslast.

Nærare opplysningar om stillinga får du hos ass. fylkesmann Gunnar Hæreid,
telefon 91 18 06 26, e-post: fmsfgoh@fylkesmannen.no eller hos kommunikasjonsrådgjevar Solveig Mork Holmøyvik, telefon 57 64 30 09, e-post: fmsfsmh@fylkesmannen.no.

Gå til søknadsskjema
Til toppen