Frist: 22. jan.
(Foto: Oskar Andersen © debra foto as)

Fylkesmannen søkjer rådgjevar til barnevern

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig ei fast stilling som rådgjevar med kontorstad på Leikanger.

Barnevern er ein del av helse- og sosialavdelinga, og den som blir tilsett må vere budd på å arbeide med andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til avdelinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Fagleg råd og rettleiing til kommunar og privatpersonar
  • Sakshandsaming
  • Tilsynsaktivitet i institusjonar og kommunar
  • Oppfølging av statlege handlingsplanar

Kvalifikasjonar:

  • Minimum bachelorutdanning innan barnevern, sosialt arbeid eller annan relevant høgskule- eller universitetsutdanning, t.d. jurist
  • Relevant praksis frå arbeid med barnevern

Personlege eigenskapar:

  • Du er fagleg trygg og har heilskapsperspektiv
  • Du arbeider målretta og sjølvstendig og har gode samarbeidsevne
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du meistrar begge målformer skriftleg

Som tilsett hos Fylkesmannen får du:

  • Fagleg og personleg utvikling i ein organisasjon med både regionalt og nasjonalt engasjement
  • Ta del i eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø
  • Omfattande kontakt med kommunar og andre samarbeidspartar
  • Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid

Stillinga har lønnsspenn kr 450 000 – 540 000,- pr. år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. I staten har vi seks månadar prøvetid.

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Du kan be om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal du varslast.

Nærare opplysningar om stillinga får du hos Hanne Sæbø, telefon 57 64 31 71 / 917 65 271 eller på e-post til fmsfhas@fylkesmannen.no.

Gå til søknadsskjema
Til toppen