Frist: 22. sep.

Gasta design søkjer digital rådgivar

No ønskjer vi å starte ei satsing på medierådgivning og digitale kampanjar, og du blir krumtappen i denne satsinga!

Som digital rådgivar i Gasta skal du jobbe for at våre kundar oppnår suksess gjennom smarte, målretta digitale kampanjar.

Dette er ei nyoppretta stilling som vil vere sentral i vår satsing på medierådgiving og digitale kampanjar. Du skal ha ansvar for innsal, planlegging og optimalisering av marknadsaktivitetar til våre kundar og bidra til å sikre at våre kundar oppnår suksess.

 

Vi ser etter deg som:

  • har stor interesse for digital marknadsføring
  • har inngåande kjennskap til sosiale medier, Google Ads og Business Manager
  • har kjennskap til webanalyse – Google Analytics
  • har eit forhold til SEO, SEM og CRO
  • beherskar norsk (helst også nynorsk!) og engelsk skriftleg og munnleg
  • har erfaring frå tilsvarande jobb i dag, eller har relevante sertifiseringar og eit brennande ønskje om å jobbe med dette.
  • er sjølvstendig, god til å kommunisere
  • har eit kommersielt fokus

 

Vi tilbyr:

  • 100% fast stilling
  • stor kundemasse med interessante utfordringar
  • engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø på Campus Sogndal
  • konkurransedyktig lønn etter avtale
  • treningskort på Idrettsenteret, som held til i etasjen under oss
  • kø- og bompengefri kvardag med kort avstand til det meste

 

Arbeidsstad

  • Campus Sogndal

Søknadsfrist: 22.09.19

Søk på stillinga via finn.no, her.

Gå til søknadsskjema
Til toppen