Frist: Snarest

Gulen og Masfjorden Næringshage søkjer forretningsutviklar med prosjektleiingskompetanse

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi søkjer ein prosjektleiar til eit nytt oppdrag Næringshagane har fått i samband med utvida bistand til verksemder ramma av Covid19. I tillegg til stillinga som prosjektleiar vil ein også jobbe med bistand til forretningsutvikling i den enkelte bedrift.

Vi ønskjer ein lagspelar og nettverksbyggar med interesse og forståing for innovative og kommersielle prosessar, som ønskjer å jobbe fram livskraftige og lønsame bedrifter i vår region. Prosjektperioden er frå snarast og ut mars 2022. Stillinga er 100% innan denne perioden, og med moglegheit for fast tilsetjing ved endt prosjekt.


Arbeidsoppgåver

  • Prosjektleiing av koordinering og samhandling i service- og reiselivsbedrifter, samt andre Covid19 ramma verksemder.
  • Bidra til å identifisere og evaluere utfordringar, moglegheiter og nye forretningsidear
  • Rådgjeving og oppfølging av innovative bedrifter
  • Initiere, utvikle og leie nye lønsame utviklings- og samarbeidsprosjekt med andre verksemder og innovasjonsmiljø
  • Legge til rette for nettverksbygging og møteplassar
  • Som tilsett hjå oss vil du inngå i eit sterkt team og få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter. Du vil i stor grad kunne påverke din eigen arbeidskvardag.

 
 
Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, med kompetanse innan forretningsutvikling og prosjektleiing. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning
  • God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd
  • Kjennskap til verkemiddelapparatet og finansielle støtteordningar
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • Bransjekunnskap frå service og reiseliv er ein fordel
  • Erfaring frå prosjektleiing

 
 
 
Personlege eigenskaper

  • Du er initiativrik og løysingsorientert
  • Du er sjølvstendig og strukturert
  • Du er fleksibel med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du disponerer eigen bil, og har førarkort kl B

 

Vi tilbyr

  • Ein spanande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen
  • Gode utviklingsmogelegheiter
  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

 
 
Send inn din søknad og CV via søknadsskjema.
 
 
Kontorstad
Sløvåg, Gulen

Kontaktperson
Veronica Haveland (dagleg leiar)
450 02 969 / vhaveland@gmnh.no


Tilsettingsform
Midlertidig fast tilsetjing
Må helst kunne starte i stillinga snarast.

 

Søknadsfrist: Snarast
 

Gå til søknadsskjema
Til toppen