Frist: 18. Mar

Helse Førde søkjer Seksjonsleiar (kjøkkensjef) til Lærdal sjukehus

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Helse Førde, seksjon Matforsyning i Lærdal har ledig stilling som seksjonsleiar (kjøkkensjef).

Matforsyning i Helse Førde er organisert i klinikk Drift og eigedom med eigne seksjonar (kjøkken), lokalisert på Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus og Indre Sogn psykiatrisenter.

Kvart kjøkken vert leia av ein seksjonsleiar (kjøkkensjef) som har driftsansvar for sin seksjon. Seksjonsleiar (kjøkkensjef) inngår i leiarteamet til avdelingssjef i Matforsyning. Helse Førde har eit produksjonskjøkken lokalisert på Førde sentralsjukehus. Produksjonskjøkkenet produserer varmmat etter kok-kjøl og sous-vide prinsippet til alle sjukehusa/institusjonar i Helse Førde.

 

Arbeidsoppgåver
  • Seksjonsleiar (kjøkkensjef) har driftsansvar som omfatter fag-, personal- og økonomiansvar for sin seksjon
  • Seksjonsleiar deltar i det daglege praktiske arbeide på sin seksjon, og skal elles vere ein god lagleiar med fokus på fag, personalet og økonomi
  • Seksjonsleiar har ansvar for månadleg rapportering innanfor sitt driftsområde, og har elles mellom anna ansvar for å utarbeide menyplanar, arbeidsplanar/turnus, årleg handlingsplan, miljøplan, kompetanseplan og HMS-plan
  • Seksjonsleiar skal vere ein aktiv medspelar for å utvikle seksjonen og matforsyning sine målsettingar innanfor fag, miljø og kompetanse
  • Seksjonsleiar deltar i leiarteamet til avdelingssjef i Matforsyning med faste månadlege møter
  • Seksjonsleiar deltar elles i ulike møter og leiarsamlingar i Helse Førde. Det må påreknast noko reisevirksomhet innad i Helse Førde
 

Kvalifikasjonar
  • Søkjar med utdanning på høgskulenivå (kostøkonom), og søkjar med gode dokumenterbare leiareigenskapar vil verte føretrekt
    Lang relevant erfaring kan kompensere for eventuelt manglande formell utdanning
  • Søkjar må ha fagutdanning som kokk
  • Søkjar som har kjennskap til offentleg forvaltning, budsjett og økonomiarbeid, vil verte føretrekt
  • Søkjar må ha god generell kompetanse i bruk av IKT-verktøy og ulike programverktøy
  • Søkjar må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjar må kunne samarbeide på tvers av fagområder og klinikk
  • Søkjar må elles ha relevant erfaring innan storkjøkkenfaget og erfaring som leiar. Søkjar må kunne dokumentere denne arbeidserfaringa
 

Personlege eigenskapar
  • Evne til å motivere og involvere i eigen seksjon
  • Du er ein pådrivar og aktiv medspelar i å vidareutvikle tenestetilbodet innafor ditt område
  • Du har nødvendig beslutningsevne og gode samarbeidsegenskapar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du er arbeidsvillig og initiativrik
 

Vi tilbyr
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
  • Fokus på fag, innovasjon og utvikling
 
Torstein Solset, Avdelingssjef matforsyning HF, (+47) 578 39 284
 
 
Søknadsfrist: 18.03.21
Gå til søknadsskjema
Til toppen