Frist: 27. Nov

Helse Førde søkjer Stadleg leiar ved Lærdal sjukehus

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

100% fast ledig stilling - Stadleg leiar ved Lærdal sjukehus (LSH).

Vi søkjer ein dyktig leiar med engasjement for å utvikle lokalsjukehuset i Lærdal i samsvar med prinsippa for "Pasientens helseteneste" og Helse Førde sine strategiar.

Stadleg leiar koordinerer og utfører oppgåvene i nært samarbeid med medarbeidarar og lokale leiarar på lokalsjukehuset og leiinga i Helse Førde. Stadleg leiar rapporterer til administrerande direktør og er del av Helse Førde si toppleiing.


Arbeidsoppgåver

  • Stadleg leiar har ein koordinerande funksjon ved lokalsjukehuset, og skal medverke til at den faglege og administrative standarden ved Lærdal sjukehus held høg kvalitet.
  • Arbeide for aktivt og forpliktande samarbeid om drift og utvikling av lokalsjukehuset mellom seksjonar og medarbeidarar. Helse Førde har gjennomgåande klinikkorganisering, og stadleg leiar skal bidra til samhandling og samarbeid slik at prinsippet om einskapleg leiing vert teke i vare.
  • Representere Helse Førde og lokalsjukehuset utad i samarbeid med kommunane og andre samarbeidspartar.
  • Stadleg leiar deler for tida oppgåvene som samhandlingssjef med stadleg leiar for Nordfjord sjukehus. Denne organiseringa er under vurdering.
  • Stadleg leiar har ikkje formelt leiaransvar


 Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning frå høgskule/universitet, minimum bachelorgrad
  • Utdanningsretning: Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Brei relevant yrkes- og leiarerfaring og god rolleforståing
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og prosjektstyring
  • Interesse og erfaring frå kvalitets- og endringsarbeid


Personlege eigenskapar:

  • Gode samhandling- og kommunikasjonsevner.
  • Du må like å arbeide systematisk med eit overordna blikk på verksemda.
  • Du må ha skapartrong og kraft til å stå i krevjande prosessar over tid.


Vi tilbyr:

  • Lønn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Rettleiing.


Kontaktinformasjon
Arve Varden, Administrerande direktør, (+47) 992 19 352.
Anne Kristin Kleiven, Utviklingsdirektør , (+47) 415 30 341.


Søknadsfrist: 11.11.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen